Samara oblast




















































Samarskaja oblast
 
 












Flag of Samara Oblast.svg

Coat of Arms of Samara oblast.png
Samara oblast sitt flagg
Samara oblast sitt våpen


Samara oblast på kartet over Russland

Hovudstad

Samara

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering: 53.

53 600 km²

3,1



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 12.

ca. 3 216 000[1] (2010)

ca. 60,0/km²



Føderalt distrikt
Privolzjskij (Volga)

Økonomisk region
Povolzjyje

Regionsnummer
63

Offisielt språk

Russisk

Guvernør

Nikolaj Ivanovitsj Merkusjkin

Nasjonalsong
Samara oblasts hymne

Tidssone

UTC +0400

Samara oblast, (russisk Самарская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Samara, arealet er 53 600 km² og innbyggjartalet er 3 216 000 (2010). Frå 1936 til 1990 heitte provisen Kujbysjev oblast etter bolsjevikleiaren Valerian Kujbysjev (1888-1935).




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Økonomi


  • 3 Demografi


  • 4 Historie


  • 5 Fotnotar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Tettstaden Jablonevyj Ovrag i Samara oblast.


Samara oblast ligg søraust på den aust-europeiske sletta, ved det midtre løpet til elva Volga, der Volga gjer ein krapp sving mot sørvest. Det austlegaste punktet til Volga er ved byen Samara. Vest for Volga ligg høgdedrag, gjennomskorne av dalar. Aust for Volga er det eit åslandskap, som hevar seg til 300 meter over havet. Volga renn gjennom Samara oblast i om lag 300 kilometer. Andre elver er Samara, Kinel og Sok. 12 % av provinsen er skogkledd. Den sørlege delen er for det meste oppdyrka steppe. Middeltemperaturen i januar er - 13 grader celsius, i juli 21 grader celsius.



Økonomi |


Det vert driven produksjon av både olje og gass her. Bilfabrikken AvtoVAZ (АвтоВАЗ) som produserer bilmerket Lada held til i byen Toljatti. Frå 1984 til 2004 produserte dei ein modell med namnet Lada Samara.



Demografi |


Folketalet i Saratov oblast er svakt minkande. Frå 2002 til 2007 har det gått ned 1,9 %, frå 3 239 737 til 3 178 000. Dei største byane er Samara (1 165 000 ib.), Toljatti (Togliatti) (719 600), Syzran (178 800) og Novokujbysjevsk (108 400).[1]


Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske fordelinga:[1]




  • Russarar: 82,3 %


  • Tatarar: 3,9 %


  • Tsjuvasjar: 2,6 %


  • Mordvinarar: 2,0 %


  • Ukrainarar: 1,3 %



Historie |




Frå Toljatti i Samara oblast.


Før 1200-talet budde tyrkiske stammefolk i området. På 1200-talet kom det under mongolsk herredøme. Då det mongolske verdsriket vart delt opp, kom området som i dag er Saratov oblast under Kazan-khanatet på 1400-talet. I 1552 vart dette erobra av Russland, og provinsen vart det søraustlege grenselandet til Russland. Byen Samara vart grunnlagd som festning i 1586. Han fekk bystatus i 1688, og vart senter for ein eigen provins i 1851.


Under den russiske revolusjonen fekk bolsjevikane kontroll i Samara i oktober 1917, men i juni 1918 tok kontrarevolusjonære og tsjekkoslovakiske troppar området. I oktober 1918 gjenoppretta bolsjevikane kontroll. Dagens Saratov oblast vart oppretta 14. mai 1928 under namnet Srednevolzjskaja (Midt-Volga). I 1936 vart namnet endra til Kujbysjevskaja oblast, samstundes som byen Samara endra namn til Kujbysjev etter ein bolsjevikleiar. Etter oppløysinga av Sovjetunionen fekk byen igjen sitt gamle namn, og provinsen fekk namn etter den.


Under den andre verdskrigen vart provinsen eit viktig industrielt senter for Sovjetunionen. Industri vart evakuert hit frå dei vestlege delane av landet. Frå 1941 til 1943 heldt utanlandske ambassadar til i Kujbysjev etter å ha evakuert frå Moskva. Det fanst òg planar om å flytta hovudstaden til Kujbysjev i tilfelle Moskva skulle falla til tyskarane.



Fotnotar |




  1. 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010



Bakgrunnsstoff |




  • Samara oblast sine nettsider (ru)


  • Artikkel frå NUPI (en)


  • Artikkel frå Kommersant (en)










Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva