President i Finland







Sauli Niinistö, president i Finland sidan 2012.


Presidenten i Finland er vald av det finske folket. Han eller ho styrer utanrikspolitikk i Finland og er øvstekommanderande over det finske forsvaret. Presidenten utnemner også dei øvste embetsmennene og dommarane i høgsterett.


Det er forventa at presidenten i republikken skal fungere som ein meglar og formidlar mellom partia. Trass i dette er det døme på at nokre finske presidentar har brukt stillinga si til å fremje posisjonen til sitt eige parti.


Republikkens president blir vald i direkte val i to omgangar med seks års mellomrom. Viss ein av kandidatane får over halvparten av røystene i første omgang blir han eller ho vald til president direkte. Viss det ikkje er tilfelle går dei to kandidatane med flest røyster attom seg til ein andre valomgang, der den som får flest røyster vinn.


Tidlegare vart presidenten vald etter eit valmannssystem. Dei røysteføre valde valmenn etter forholdstalsmetoden (den såkalla d'Hondt-metoden), og deretter valde valmennene president etter eit relativt komplisert system.


Etter at Mauno Koivisto sin presidentperiode var over i 1994 vart talet på valperiodar presidenten kan sitje avgrensa til to. Bakgrunnen for endringa var at Urho Kekkonen hadde vore president i over 25 år, noko som hadde først til at presidentens stilling etter manges meining hadde vorte for sentral.


Etter den gamle finske grunnlova (1919-2000) utnemnde også republikkens president personen som skulle danne regjering (i praksis statsministaren), og han kunne oppløyse parlamentet og skrive ut nyval. Etter den nye grunnlova (i kraft frå og med 1. mars 2000) kan presidenten ikkje lenger bestemme desse spørsmåla aleine.


Den finske presidenten har tenestebustad i Helsingfors, på Talludden i Mejlans. Sommarbustaden er Guldstranden (Kultaranta) i Nådendal.



Presidentar av Den finske republikkens |




  1. Kaarlo Juho Ståhlberg (1865-1952), president 1919-1925


  2. Lauri Kristian Relander (1883-1942), president 1925-1931


  3. Pehr Evind Svinhufvud (1861-1944), president 1931-1937


  4. Kyösti Kallio (1873-1940), president 1937-1940


  5. Risto Heikki Ryti (1889-1956), president 1940-1944


  6. Carl Gustaf Emil Mannerheim (1867-1951), president 1944-1946


  7. Juho Kusti Paasikivi (1870-1956), president 1946-1956


  8. Urho Kaleva Kekkonen (1900-1986), president 1956-1981


  9. Mauno Henrik Koivisto (fødd 1923), president 1981-1994


  10. Martti Oiva Kalevi Ahtisaari (fødd 1937), president 1994-2000


  11. Tarja Kaarina Halonen (fødd 1943), president 2000-2012


  12. Sauli Väinämö Niinistö (fødd 1948), president (2012-)


Dei følgjande presidentvala har av ulike grunnar vorte gjennomført på måtar som skil dei frå andre presidentval: Ved det første presidentvalet i 1919 var det parlamentet som valde president (Ståhlberg), det same gjorde det etter at Mannerheim gjekk av i 1946 (Paasikivi). I presidentvala under Den andre verdskrigen, 1940 (Ryti, berre for tre år) og 1943 (Ryti) fungerte valmennene som hadde blitt valde i 1937. Etter at Risto Ryti gjekk av i 1944 vart marskalk Mannerheim utnemnd til president ved lov, og i 1973 vart Urho Kekkonen sin presidentperiode forlenga for fire år (1974-78) med hjelp av ein unntakslov.


























Etter at presidentperioden er over får den tidlegare presidenten tittelen «president», og dette heidersnamnet har han eller ho rett til å bere livet ut.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva