Idar Lind
Idar Lind Fødd 23. september 1954 Otterøya Yrke skodespelforfattar, skribent, forfattar Idar Lind på Commons Idar Lind (fødd 23. september 1954) er ein norsk forfattar. Han har skrive romanar, skodespel, filmmanus, songtekstar og sakprosa. Innhaldsliste 1 Biografi 2 Skodespel 3 Fjernsynsfilm 4 Bibliografi 5 Prisar 6 Bakgrunnsstoff Biografi | Lind voks opp på Otterøya ved Namsos. Han er utdanna cand. mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater. Lind var medlem av visegruppa JeremiA/S Bakfot frå 1976 til 1980. Han var tilsett som organisasjonssekretær i Norsk Vise- og Lyrikkforum i tida 1980-1981 og redaktør for medlemsbladet til Den norske Forfatterforening 1988-1991. Han var medlem av styret for Den norske Forfatterforening 1994-2000, Tekstforfattarfondet 2002-2004, Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA) 2007-2009 og varamedlem i styret for KOPINOR 2008-2011. Frå 1995 til 2007 dreiv han nettstade...