Nora Brockstedt
























Nora Brockstedt

NoraBrockstedt.jpg

Fødd
20. januar 1923
Kristiania
Død

5. november 2015 (92 år)
Oslo


Instrument

vokal


Yrke
songar, jazzmusikar

Nora Brockstedt (20. januar 1923–5. november 2015),[1] offisielt namn Nora Riis, jentenamn Nora Berg, var ein norsk artist.


Brockstedt debuterte på Chat Noir i 1943, og i dei to neste tiåra vart ho ein av landet sitt mest populære og underhaldarar. Brockstedt platedebuterte den 21. februar 1945 saman med Oddvar Sanne, som «Harmony Duo», med Kristian Haugers orkester. Dei song inn «Kanskje engang tilbake den komme» / «Enn en gang skal fuglene synge». (Telefunken T-8340.) På 1950-talet fekk ho ei rekkje store slagerar og opptredde jamleg på radio med blant anna «En lite pike i lave sko», «Augustin» og ikkje minst «Tango for to». Frå 1950 til 954 var ho medlem av songkvintetten «The Monn Keys» saman med Arne Bendiksen, Per Asplin, Oddvar Sanne, Fredrik Conradi og Sølvi Wang. Egil Monn-Iversen hadde den musikalske leiinga i gruppa.


Nora Brockstedt debuterte for Noreg i Eurovision Song Contest i 1960, der ho kom på ein 4. plass. Ho deltok igjen i 1961.


Brockstedt spelte inn plater på merka Musica og RCA Victor for Nera, men i 1960 skifta ho selskap til Egil Monn-Iversen A/S og merkt Karusell.


I 2004 utkom albumet As Time Goes By på etiketten Jazzavdelinga. I 2005 følgde ho opp med julealbumet Christmas Songs på same etikett og gav i samband med sin 85-års dag 20. januar 2008 ut albumet Nora – for swingande! på etiketten Park Grammofon.


Nora Brockstedt var gift med songtekstforfattaren Arne Riis, som døydde i 2009.[1]


Brocktedt gjekk bort etter kort tids sjukeleie 5. november 2015.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Prisar og utmerkingar


  • 2 Nora Brockstedt som deltakar i Melodi Grand Prix


  • 3 Filmografi


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Prisar og utmerkingar |



  • Kongen sin fortjenstmedalje i gull (1995)[2]

  • Heidersprisen til juryen under Spellemannprisen 1974


  • Gammleng-prisen som veteran i 1983


  • Alf Prøysens Ærespris i 1997

  • Norsk Artistforbunds Ærespris i 2002



Nora Brockstedt som deltakar i Melodi Grand Prix |


































































År
Tittel
Plassering i den norske finalen
Plassering i den internasjonale finalen
1960

Voi Voi
Nr. 1
Nr. 4
1961

Snu deg om
Nr. 2
1961

Sommer i Palma
Nr. 1
Nr. 7
1963

Drømmekjolen
Nr. 4
1963

Solhverv *
Nr. 1
1965

Med lok og lur
Nr. 2
1965

Bare det aller, aller beste
Nr. 3
1968

Nysgjerrig-Per
Nr. 2
1968

Nordlys
Nr. 3
1977

Mærra has sitt Ka'l
Nr. 5 i semifinale
1977

Springaren
Nr. 6 i semifinale


Filmografi |



  • 1979 Jul i Skomakergata (TV) – Fru Enebær

  • 1968 Mannen som ikke kunne le

  • 1954 Portrettet – Kvinne i Solsund Sangkor (The Monn Keys)

  • 1953 Brudebuketten

  • 1952 Det kunne vært deg – Syngande dame



Sjå òg |



  • Eurovision Song Contest 1960

  • Eurovision Song Contest 1961



Kjelder |




  1. 1,01,11,2 «Nora Brockstedt er død». TV 2. Henta 5. november 2015. 


  2. Nora Brockstedt hos Norsk Biografisk Leksikon



  • Denne artikkelen bygger på «Nora Brockstedt» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2015.



Bakgrunnsstoff |



  • Lydsnutt med Nora Brockstedt finst på www.mic.musikkonline.noLtspkr.png



Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?