Bunnefjorden






Flyfoto over Indre Oslofjord med Nesodden som stikk ut frå venstre biletkanten og Bunnefjorden i framgrunnen
Foto: Chell Hill, 2010



Bunnefjorden er den delen av Oslofjorden som ligg aust for Nesodden, som stikk ut som ei halvøy mellom Bunnefjorden og Indre Oslofjord. Den nordaustlege delen av Bunnefjorden ligg i Oslo kommune, den inste (sørlegaste) delen ligg i Ås kommune og resten er delt mellom Nesodden og Frogn kommunar i vest og Oppegård kommune i aust. Bunnefjorden er om lag 17 kilometer lang.


Bunnefjorden har lita eller inga vassutskifting i lange periodar, det vil seie over fleire år, og vatnet har dårleg kvalitet, særleg nær botnen. Det er ingen større elvar som renn ut i Bunnefjorden.


Dei største øyane i Bunnefjorden er Langøyene, Malmøya, Ulvøya, Ormøya, Gressholmen og Husbergøya.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva