Svitjaz
Koordinatar:
Svitjaz | |
innsjø | |
Land | Ukraina |
---|---|
Stad | Sjatsk nasjonalpark, Sjatskyj rajon, Volyn oblast |
- koordinatar | |
Lengd | 9,3 km |
Areal | 25,2 km² |
Volum | 180 000 000 m³ |
Øyar | 1 (7 ha) |
Wikimedia Commons: Lake Svitiaz | |
Svitjaz (ukrainsk Сві́тязь) er den djupaste innsjøen i Ukraina med ei djupne på 58,4 meter på det meste. Han er den nest største innsjøen i landet og høyrer til Sjatskyjsjøane som ligg i Polissja (Volyn oblast) heilt nordvest i Ukraina, nær grensa til Polen og Kviterussland. Innsjøen er ein del av Sjatsk nasjonalpark (Sjatsk rajon, Volyn oblast). Midt i innsjøen ligg ei øy på sju hektar. Innsjøen dekkjer eit areal på 25,2 km², og har ei middeldjupne på 6,9 m. Sikta i vatnet er 8 meter. Innsjøen er 9,3 km lang og 8 km på det breiaste. Volumet er 180 millionar m³.
Innsjøen vert varm om sommaren og det reine vatnet og den sandete botnen gjer at han er ein særs populær badeplass.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Svitiaz» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
|