Åsane prosti tidlegare Arna og Åsane prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Osterøy kommune og Arna og Åsane i Bergen kommune. Prosten har sete i Åsane.
Prostiet vart skipa i 1990. Det femnde då prestegjelda Arna og Åsane. Dei høyrde før det til Bergen Domprosti.[1]
Lenger attende høyrde Arna til Hamre prestegjeld og Åsane til Haus prestegjeld. I 2014 vart sokna på Osterøy ført over til Arna og Åsane prosti frå Nordhordland prosti.[2] Frå 1. juni 2015 endra prostiet namn frå Arna og Åsane prosti til Åsane prosti.[3]
Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja.
Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Innhaldsliste
1Sokn
2Prestegjeld
3Sjå òg
4Referansar
5Bakgrunnsstoff
Sokn |
Prostiet har elleve sokn (2014).
Arna sokn
Biskopshavn sokn
Bruvik sokn
Eidsvåg sokn
Gjerstad sokn i Hordaland
Hamre sokn
Haus sokn
Hosanger sokn
Salhus sokn
Ytre Arna sokn
Åsane sokn
Prestegjeld |
Prestetenesta vart tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Arna og Åsane prosti desse prestegjelda:
Åsane prestegjeld med
Åsane sokn
Arna prestegjeld med
Arna sokn
Ytre Arna sokn
Biskopshavn prestegjeld med
Biskopshavn sokn
Eidsvåg prestegjeld med
Eidsvåg sokn
Salhus prestegjeld med
Salhus sokn
Sjå òg |
Kyrkjer i Noreg etter kommune
Referansar |
↑««Arna og Åsane prosti» i Bergen byleksikon». Bergen byarkiv. Henta 5. mars 2014.
↑«Endringar i prostigrenser»
↑«Arna og Åsane prosti har frå 1. juni endra namn til Åsane prosti». Bjørgvin bispedømme. Henta 6. juni 2015.
Bakgrunnsstoff |
Om Arna og Åsane prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...