Oddmund Jensen




















Oddmund Jensen

Fødd
26. september 1928
Sørfold
Død

6. mars 2011


Yrke
langrennsløpar

Oddmund Ingvald Jensen (26. september 1928–6. mars 2011) i Sørfold var ein norsk langrennsløpar og langrennstrenar. Han budde i Lillehammer sidan fyrste halvdelen av 1950-åra til han døydde.


Jensen vart noregsmeister då han vann 50 km i 1959. For denne prestasjonen fekk han kongepokalen. På 3x10 km stafett i 1958 og 1959 var han på det sigrande laget, og han vann Birkebeinerrennet fem gonger. Han vann også tre sigrar i Monolittrennet (1958, 1959 og 1964). I tevlingar med sterke internasjonale konkurrentar nådde han sjeldan opp. Andreplassen på femmila i Holmenkollen i 1960 må tevle med fjerdeplassen på 15 km i Lahti i 1964 om å vere hans beste renn. I den siste tevlinga stilte mange fleire toppløparar opp, enn det gjorde i Holmenkollen 1960.


Jensen vann si fyrste NM-medalje (bronse) på 30 km på Voss i 1955. Ni år seinare vann han si siste; same valør på same distanse og same stad. Han hadde eitt individuelt gull og fire bronsemedaljar frå NM.




Innhaldsliste






  • 1 Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn


  • 2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap


  • 3 Trenar


  • 4 Litteratur


  • 5 Kjelder





Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |



  • 1955: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen

  • 1956: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen. Nr 17 på 30 km og nr 14 på 50 km i OL i Cortina d'Ampezzo

  • 1957: Nr 13 på 15 km i Holmenkollen

  • 1958: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen

  • 1959: Nr 12 på 30 km i Falun

  • 1960: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen. Nr 10 på 30 km og nr 11 på 50 km i OL i Squaw Valley

  • 1961: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen

  • 1962: Nr 15 på 50 km i VM i Zakopane. Nr 8 på 50 km i Holmenkollen

  • 1964: Nr 4 på 15 km i Lahti



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1952: Nr 11 på 50 km, Eidsvoll

  • 1955: Bronse på 30 km, Voss

  • 1956: Nr 4 på 30 km, Drammen

  • 1957: Nr 4 både på 30 km (Mo i Rana) og 50 km (Rena)

  • 1958: Bronsemedalje både på 15 km og 30 km, Oslo

  • 1959: Gullmedalje på 50 km, Porsgrunn

  • 1960: Nr 6 både på 30 km (Nedre Eiker) og 50 km (Fåberg)

  • 1961: Nr 5 på 30 km, Røros

  • 1962: Nr 4 på 50 km, Molde

  • 1963: Nr 8 på 30 km, Rælingen

  • 1964: Bronsemedalje på 30 km, Voss



Trenar |


Jensen var rikstrenar for herrelandslaget i langrenn i perioden 1964-78. Ingen andre har leia eit norsk langrennslandslag i tilsvarande lang tid. Han gjekk etter kvart berre under tilnamnet Riksen.



Litteratur |


  • Om Oddmund Jensen i langrenn.com:[1]



Kjelder |




  • Sportsboken, aktuelle årgangar

  • NRK, 06.03.11: Tidligere rikstrener Jensen er død




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva