Tarn (tarnis på latinsk tyder «rask» eller «innmurt») er ei 375 km lang elv sør i Frankrike (regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées) og ei av sideelvane til Garonne frå høgre.
Tarn renn hovudsakleg vestover, og har utspring i ei høgd på 1 550 meter over havet ved Mont Lozère i Cevennane (del av Massif Central). Ho renn mellom anna gjennom ei djup og lang kløft kalla Gorges du Tarn til Moissac i Tarn-et-Garonne, der ho munnar ut i Garonne 4 km nedanfor sentrum av byen.
Ho har eit tilsigsområde på om lag 12 000 km², og ei middelvassføring på om lag 140 m³ per sekund.
Innhaldsliste
1Sideelvar
2Department og byar
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Sideelvar |
Dei største sideelvane til Tarn er Tarnon, Dourbie, Agout og Aveyron.
Department og byar |
Tarn renn gjennom følgjande departement og byar:
Lozère: Le Pont-de-Montvert
Aveyron: Millau
Tarn: Albi, Gaillac, Rabastens
Haute-Garonne: Villemur-sur-Tarn
Tarn-et-Garonne: Montauban, Moissac.
Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, langs motorvegen A75 kryssar Tarnkløfta nær Millau. Ho opna i desember 2004.
Tarn er, i lag med Donau, kjend for å ha skapt nokre av dei største flaumane i Europa. Den mest vidkjende skjedde i mars 1930. Då steig Tarn med meir enn 17 meter over normalt vassnivå i Montauban på berre 24 timar, og fekk ei vassføring på 7 000 m³/s (middelvassføringa i Rhinen er 2 200 m³/s, i Nilen var middelvassføringa under den årlege flaumen 8 500 m³/s før Aswandemningen vart bygd og i Mississippielva 16 200 m³/s). Ein tredjedel av departementet Tarn-et-Garonne vart råka og om lag 300 menneske mista livet. Tusenvis av hus vart øydelagde, dei lågare distrikta i Montauban vart øydelagde, og nesten heile byen Moissac forsvann.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Tarn River» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2007.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...