Ingierstrand bad

Multi tool use
Koordinatar: 59°49′5″N 10°44′56″E

Stupetårnet på Ingierstrand bad.

Ingierstrand bad, danseplassen utanfor restauranten.

Flyfoto over Ingierstrand bad ca. 1945-1950
Foto: Harstad, Karl/Oslo Museum
Ingierstrand bad er eit friluftsbad, sjøbad, på austsida av Bunnefjorden i Oppegård kommune, omlag 15 kilometer sør for sentrum i Oslo. I 1936 kjøpte Oslo kommune Ingierstrand bad med eit stort kringliggjande areal for at folk i byen skulle få auka tilgang til sjø og friluftsliv, til saman 2700 mål med ein 5500 meter lang strand. Området var ein part av eigedomen Stubljan, og badeanlegget vart teikna i funksjonalistisk stil av arkitektane Ole Lind Schistad og Eyvind Moestue i 1931 på oppdrag av familien Ingier, som hadde hatt eigedomen Stubljan i ætta frå 1799. Ingierstrand har såleis namn etter denne familien.
Ingierstrand bad var eit populært utfluktsmål frå opninga i 1933, og er framleis i flittig bruk. Her var det sandstrand, svaberg, stupetårn, rutsjebane, friluftsservering, kioskar med sal av iskrem, brus og sjokolade, og ein moderne, fasjonabel spise- og danserestaurant. I tillegg kunne ein i si tid drikke av Radiumkildens «helsebringande vatn». Widerøes Flyveselskap hadde sjøflyhamn her nokre år frå 1934, og det var då høve til å ta seg ein flytur.
Friluftsbadet fekk arkitekturprisen Houens fonds diplom i 1961. Anlegget vart rehabilitert og pussa opp i 2009-2010 etter ha forfalle i fleire år. Det vart verna av riksantikvaren i 2012.
Andre badeplassar i same området er til dømes Bestemorstranda og Bekkensten. Hvalstrand bad i Leangbukta i Asker kommune er eit liknande sjøbad med bygningar og stupetårn i funksjonalistisk stil på den andre sida av Oslo.
Kjelder |
Oslo byleksikon, femte utgåva, side 276
- Riksantikvaren: Ingierstrand
- Lokalhistoriewiki.no: Ingierstrand bad
Bakgrunnsstoff |
- Oslo kommune: Ingierstrand, vasstemperatur og andre opplysningar
D9Kqx xh2
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...