Bergen Nordhordland Rutelag






Ein eldre Tide buss, framleis med sine svart/blå/lyseblå BNR-striper.


Bergen Nordhordland Rutelag var eit norsk transportverksemd basert i Hordaland.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 BNR-eigde skip


  • 3 Tidlegare BNR-eigde skip


    • 3.1 Bilferjer


    • 3.2 Snøggbåtar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Verksemda hadde røtene sine heilt tilbake til 1880, med opprettinga av Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskap.
Gjennom åra vart det ei rekkje samanslåingar, A/S Bergen Nordhordland Trafikklag vart etablert på 1950-talet då Alværsund & Manger Dampbåtlag A/S og Lindås-Masfjorden Dampskibslags Bilruter slo seg saman. BNR vart oppretta i 1974 med samanslåinga av BNT, Indre Nordhordland Dampbåtlag og Arna-Osterøy Billag . Selskapet hadde buss og ferjeløyve i kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Osterøy og til Bergen. Bergen Nordhordland Rutelag var delt i to forretningsområde; Bildivisjonen som bestod av buss- og godsavdelingar i Knarvik og Lonevåg, og reiarlaget som bestod av innanriksferjene og Fjord Line AS.


Den 1. januar 2002 gjekk buss og ferjedrifta av BNR inn i HSD ASA, medan Fjord Line AS fortsette som uavhengig selskap. I 2004 starta BNR oppatt snøggbåtdrifta, då med tidlegare BNR aksjonær Einar Nistad som hovudeigar. BNR driftar i dag to snøggbåtsamband og har på nytt fått konsesjon for drift av snøggbåt mellom Knarvik og Bergen. BNR har i tillegg kontrakt for transport av cruise-turistar.



BNR-eigde skip |



  • MS «Snarveien», bygd i 2005

  • MS «Hardangerprins», bygd i 1991

  • MS «Kyst Express», bygd i 1986

  • MS «Fjord Express», bygd i 1984, forlenga i 2006

  • MS «Sea Express», (innleigd)



Tidlegare BNR-eigde skip |



Bilferjer |



  • MF Fedjefjord,

  • MF Lindås,

  • MF Nordhordland,(1965),no Moli

  • MF Nordhordland,(1976)no Stella

  • MF Oster,no Reet

  • MF Seimstrand,no Rosendal

  • MF Lygra,no Mount Barbary

  • MF Masfjord,no Gudvangen

  • MF Masfjord,no Marstein

  • MF Austrheim,(1976) no Bogøy

  • MF Alversund,no Sogn

  • MF Austrheim,(1986), no Bastø IV

  • MF Bjørn West,tidlegare Tyr

  • MF Bruvik,no Ebba

  • MF Fedje,no Admiral Bay

  • MF Hamre,no Nidaros

  • MF Haus,no Tomma

  • MF Seimstrand,no Stordal

  • MF Radøy,no Eiksund

  • MF Radøy,no Amalie



Snøggbåtar |



  • MS «Lygra» snøggbåt seld til austen

  • MS «Manger» snøggbåt seld til austen

  • MS «Rongevær» bygd i 1971, seld til TSF v/ Trygve Tønnessen i 1989

  • MS «Ramsøy» bygd i 1981, seld til TSF v/ Trygve Tønnessen i 1998



Bakgrunnsstoff |



  • Bergen Nordhordland Rutelag

  • Veteranbussklubb BNR





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva