Candle in the Wind


















































Candle in the Wind
Singel av Elton John
frå albumet Goodbye Yellow Brick Road


B-side
«Bennie and the Jets»

Utgjeve
4. februar 1974

Innspelt
Mai 1973

Studio

Château d'Hérouville i Frankrike

Sjanger
Pop, glamrock

Lengd
3:50

Selskap


  • MCA

  • DJM



Låtskrivar(ar)


  • Elton John

  • Bernie Taupin



Produsent

Gus Dudgeon

Elton John-kronologi
«Step into Christmas»
(1973)

Candle in the Wind
«Bennie and the Jets»
(1974)




«Candle in the Wind» er ein song med musikk av Elton John og tekst av Bernie Taupin. Han vart opphavleg skriven i 1973 til ære for Marilyn Monroe,[1] som døydde 11 år tidlegare.


I 1997 framførte John ein omskriven versjon av songen som ein hyllest til prinsesse Diana av Wales. Denne versjonen av songen vart gjeven ut på singel og nådde toppen av singellista i mange land, og vart ein mykje større suksess enn originalen, og er offisielt kåra til den nest mest selde singelen gjennom tidene, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».




Innhaldsliste






  • 1 Originalverjsonen


    • 1.1 Medverkande




  • 2 Konsertversjon frå 1986


    • 2.1 Medverkande




  • 3 Versjonen frå 1997


  • 4 Akustisk remix få 2003


  • 5 Andre versjonar


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Originalverjsonen |


Originalversjonen i E-dur kom ut i 1973 på albumet Goodbye Yellow Brick Road og var spelt inn i mai det året. Teksten er ei sympatisk skildring av livet til Marilyn Monroe. Opningslinja i songen «Goodbye, Norma Jean» syner til det verkelege namnet til Monroe. Taupin sa i songen at «songen handlar om ideen om livet som tar slutt i sin beste alder. Songen kunne ha handla om James Dean, han kunne ha vore om Montgomery Clift, han kunne ha vore om Jim Morrison ... korleis me glamoriserer døden, korleis me udøyeleggjer folk.» Då den originale singelen kom ut nådde han 11. plassen på den britiske singellista i 1974. På den tida kom ikkje singelen ut i USA («Bennie and the Jets» kom ut der i staden). Taupin vart inspirert til å skrive songen etter han høyrte uttrykket «candle in the wind» nytta om ein hyllest til Janis Joplin.


Versjonen deira er rangert på 356. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den andre sida kalla komponisten Gruff Rhys songen den verste han hadde høyrt.[2]


Under ein konsert den 7. april 1990, på Farm Aid IV, dediserte John songen til Ryan White, som leid av AIDS. White døydde av AIDS dagen etter.



Medverkande |




  • Elton John – piano, vokal


  • Davey Johnstone – elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal


  • Dee Murray – bass, korvokal


  • Nigel Olsson – trommer, korvokal



Konsertversjon frå 1986 |


Den 14. desember 1986 vart det spelt inn eit konsertopptak av songen i Sydney i Australia. Han vart gjeven ut i 1987 på albumet Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra og igjen på singel. I 1988 nådde denne femteplassen på UK Singles Chart og sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.


Denne versjonen vann Grammyprisen for beste mannlege popsong.



Medverkande |




  • Elton John: vokal, piano


  • Fred Mandel: klaverinstrument



Versjonen frå 1997 |



For meir om dette emnet, sjå Candle in the Wind 1997.


«Candle in the Wind 1997» eller «Goodbye England's Rose» er ei nyinnspeling av «Candle in the Wind» som ein hyllest til prinsesse Diana av Wales. Songen kom ut i 1997 og gjekk til topps i Storbritannia, som den fjerde førsteplassen til John i heimlandet. Han gjekk òg til topps i mange andre land. I følgje Guinnes rekordbok i 2007 er «Candle in the Wind 1997» den nest mest selde singelen sidan platehistoria byrja, berre slått av Bing Crosby sin «White Christmas».[3]



Akustisk remix få 2003 |


Med same vokalopptak som originale frå 1973, tok lydteknikaren Greg Penny bort alle instrument, utanom den akustiske gitaren til Davey Johnstone, og brukte berre vokalen til Elton John og korvokalen til Dee Murray, Nigel Olsson and Davey Johnstone. Denne kom først ut som bonusspor på 30-årsjubileumsutgåva av Goodbye Yellow Brick Road og sidan på EP-plata Remixed frå 2003.



Andre versjonar |



  • Den engelske visesongaren Sandy Denny spelte inn ein versjon på albumet hennar Rendezvous i 1977.

  • I 1989 spelte The Shadows ein instrumental av songen på albumet deira Steppin' to the Shadows.

  • Det engelske punkbandet Leatherface spelte inn ein versjon for det andre albumet deira Fill Your Boots i 1990

  • I 1991 spelte David Tyler inn songen på CKBE-FM.

  • Den engelske songaren Kate Bush spelte inn ein versjon i 1991 på singelen «Rocket Man».


  • Billy Joel framførte ein versjon i lag med Elton John under konserten Face to Face 1994.

  • Den newzealandske songaren Wing spelte inn songen i 2009 på albumet hennar Beat It.

  • I 2014 spelte den engelske songaren Ed Sheeran inn ein versjon for 40-årsjubileumsutgåva av Goodbye Yellow Brick Road.[4]

  • I 2014 song den israelsk-franske songaren Amir Haddad inn ein versjon med musikkvideo.. Tidlegare same året hadde han sunge denne songen under «blind audition» av The Voice i Frankrike.[5][6]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Candle in the Wind» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2018.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Ben Brantley (11. oktober 2004). «Some Like It Hot, Some Like It Painted in Words». The New York Times. Henta 29. juli 2012. 


  2. «Music & Me: Gruff Rhys». The Independent. 10. juni 2011. Henta 11. mai 2018. 


  3. «This Day in History: Dec 25, 1941: Bing Crosby introduces 'White Christmas' to the world». History.com. Arkivert frå originalen 2012-11-02. 


  4. Wass, Mike (31. mars 2014). «Ed Sheeran Covers Elton John’s «Candle In The Wind»: Listen To His Faithful Version». Idolator. SpinMedia. Henta 12. mai 2018. 


  5. Tribune Juive: Amir Haddad : chercher sa voix Mal:Fr icon


  6. Ynet: הישראלי עמיר חדד ב-«The Voice» צרפת Mal:He icon







Bakgrunnsstoff |




  • Heile teksten til the original version på MetroLyrics


  • Heile teksten til the 1997 version på MetroLyrics








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva