Elg























Elg

Elch 3 db.jpg
Elgku i Canada


Vitskapleg namn

Alces alces

Linné, 1758




Utbreiing

Status i verda: LC Livskraftig

Status i Noreg: LC Livskraftig






Utbreiingskart



Systematikk

Rike: Animalia

Rekke: Chordata

Klasse: Mammalia

Orden: Artiodactyla

Familie: Cervidae

Slekt: Alces






Elg (Alces alces) er eit stort hjortedyr, det største som finst i dei fleste skogområda i Nord-Europa, og blir ofte omtala som skogens konge. Dyra er viktige bytte for menneske, og er i tillegg blitt eit symbol på mange nordlege område, som Noreg, Sverige og Canada. Elgen er nasjonaldyret i den amerikanske delstaten Alaska.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Utbreiing


  • 3 Elg og mennesket


    • 3.1 Elg i kulturen




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Skildring |


Elgen blir opptil tre meter lang, og 2,3 meter høg (skulderhøgde). Oksen veg på sitt tyngste over 600 kg. Pelsfargen varierer frå raudbrun til mørkebrun, med ein grå farge om vinteren. Oksen har eit lettkjenneleg fjølforma gevir som kan bli opptil to meter breitt. Både oksen og kua har hakeskjegg. Spora er store og viser at elgen er et klauvdyr.


Elgkua er drektig i ca. ni månader, og kalvane blir fødde i mai/juni. Ei ku med nyfødde kalvar kan vera farleg om ho føler seg trua. Elgar får sjeldan meir enn to kalvar.


Dyra kan eta litt av kvart, men vel som oftast knoppar, blad, småkvist og bork frå lauvtre.



Utbreiing |


Det finst elg i barskogområde Europa, Asia og Nord-Amerika. Elgen trivst i skogar der det er myrer og vatn, men finst ikkje på høgfjellet på grunn av storleiken sin. Sør for Skandinavia er elgen blitt utrydda.


Det finst om lag ein million dyr i Europa, og omtrent like mange i Nord-Amerika. Elgen er derfor ikkje sett på som ein truga art.



Elg og mennesket |




Elg frå eit finsk holemåleri.


Ifølge holemåleri dreiv menneske elgjakt i steinalderen, og jakta har fortsett fram til i dag. Det er ala fram elghundar for å hjelpa til med jakta.


Det blir drive elgjakt av to grunnar; for kjøtet og for å halda bestanden nede. For mykje elg kan føra til stor skade på skogen, og fleire farlege trafikkulukker. I Noreg varer elgjakta frå 25. september (nokre stader 5. oktober) og ut oktober.


Elg kan òg vera farlege for menneske, og skal vera det dyret som drep flest menneske i Canada, kanskje bortsett frå bier. Medan elgkyr kan vera svært vernande overfor ungane sine skjer dei fleste dødsfalla i samband med elg på grunn av samanstøyt mellom dyr og bilar.



Elg i kulturen |


Medan elg er blitt avbilda sidan steinalderen, står den første kjende litterære skildringa av han i De Bello Gallico av Julius Cæsar. Elg har sidan inspirert mange naturbilde, særleg klisjéprega måleri av Elg i solnedgang. Dei finst òg i fiksjon, som Troll-elgen, ein roman og filmatisering frå 1920-talet.



Kjelder |



  • nb:elg

  • en:moose



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elg



  • Wiktionary-logo.svg Wiktionary-definisjonen på elg














































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva