Selsøyo er ei øy i Fitjarøyane, tidlegare i Fitjar kommune, i dag i Bømlo kommune. Ho grensar til Gisøyo med Brandasund i vest, Vikøyo i sør, Klamsøyo og Hanøyo i nordvest og Selbjørnsfjorden i nord.
Fv18 kryssar øya med bru til Vikøyo i sør og Brandasund i vest.
Innhaldsliste
1Gardar
2Historie
3Namn
4Kjelder
Gardar |
Det ligg tre gardar på øya, Eidet, Torgjo og Kvarven.
Eidet og Kvarven vart rydda på 1660-talet, først som husmannsplassar under Brandasund. Torgjo eller Torget er gammal og var i hevd i 1328, men har seinare truleg lege øyde til slutten av 1500-talet, og han vart først nemnd at i 1638.
Historie |
Det er funne spor etter ein steinalderbustad på Torgjo med fem steinøkser og ei flintpil.
Namn |
Namnet på Selsøyo er sagt at det kan kome av sel (kobbe), eller av mannsnamnet Selir. Selen har derimot vorte kalla kobbe på desse kantar, så det er tvilsamt at dyret er opphavet til øynamnet. I ei jordebok frå 1680 står det nemnd at øya låg under garden Sele i Bømlo i gamal tid og er opprydda under denne garden. Det er derfor rimeleg å tru at øya har fått namn etter denne garden.
Kjelder |
Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...