Jamstillingsvedtaket
Jamstillingsvedtaket er ei nemning på eit vedtak i Stortinget i 1975 om å jamstilla lønsvilkåra innan jordbruk og industri. I byrjinga av 1970-åra tok mange til å sjå med uro på nedgangen i sysselsettinga i norsk jordbruk. Særleg var det mange små gardsbruk i utkantane som vart lagde ned eller slegne saman med andre gardar. I etterkant av og i samband med folkerøystinga i 1972 om medlemskap i EF var det mange som la vekt på jordbruket sin situasjon. Ein av grunnane til at sysselsettinga gjekk ned i jordbruket var at lønsemda gradvis vart mindre i høve til andre næringsvegar. Øksnesutvalet, leia av Oskar Øksnes vart sett ned i 1972, og la i 1974 fram innstillinga «Støtteordninger i jordbruket», som la eit grunnlag for jamstillingsvedtaket. Den såkalla Hitraaksjonen i 1975 var ein skattenektaraksjon og grasrotaksjon mellom bøndene på Hitra og Frøya. Politikarar på Stortinget arbeidde samstundes med å få til betre vilkår for bøndene. Mellom anna Berge Furre som leiar i Landbruksko...