Sunnmørsprisen
Sunnmørsprisen var ein litteraturpris som vart oppretta av Sundmøre frilynde Ungdomssamlag i 1953 og lagt ned i 2011. Prisen vart delt ut årleg og skulle gå til forfattaren av ei bok som i innhald og form er mellom det beste som vart gjeve ut på nynorsk det året. Med i vurderinga var skjønnlitterære bøker på nynorsk frå alle forlag. Lærebøker og omsette bøker kom ikkje inn under prisen. Statutta sa mellom anna at forfattaren måtte skriva eit rikt og levande nynorsk språk og at boka skulle ha eit innhald som er tilgjengeleg for folk flest. Ein forfattar kunne få prisen berre ei gong. Om to eller fleire bøker stod likt kunne prisnemnda også leggja vekt på det forfattaren hadde skrive tidlegare. Prisen var på 10 000 kroner.
På årsmøtet for Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag i 2011 vart det vedteke å legge ned prisen. Føremålet til Nynorsk litteraturpris ligg nær opp til Sunnmørsprisen. Årsmøtet såg ikkje trong for to så like prisar.
Prisvinnarar |
1953 - Ragnvald Vaage for Den vonde draumen
1954 - Jan Magnus Bruheim for Ord gjennom larm
1955 - Åsta Holth for Kornet og freden
1956 - Eirik Vandvik for Blant gudar på Olymp
1957 - Halldis Moren Vesaas for Utvalde dikt
1958 - Alfred Hauge for Kvinner på Galgebakken
1959 - Arthur Klæbo for Farlige fjell
1960 - Pål Sundvor for Fangen er fri
1961 - Trygve Bjørgo for Vokstergrunn
1962 - Ragnvald Skrede for Frå kjelde til sjø
1963 - Johannes Heggland for Bronsesverdet
1964 - Ingebjørg Kasin Sandsdalen for Guds lampe
1965 - Knut Hauge for Kross og kvitsymre
1966 - Sigmund Skard for Haustraun
1967 - Anna Sandnes og Anna Skeide
1968 - Olav Berkaak
1969 - Marta Schumann for Korset under skuggefjellet
1970 - Ingebjørg Mælandsmo for Olea Grøger
1971 - Olav H. Hauge for Spår vinden
1972 - Aslaug Høydal for Prest i såldet
1973 - Ivar Orgland for Nattstill fjord
1974 - Edvard Hoem for Kjærleikens ferjereiser
1975 - Alf A. Sæter for To i storm
1976 - Magnus Buflod for Før frosthegget fell
1977 - Bjarne Østbø for Vindfall
1978 - Åse-Marie Nesse for Nomadesongar
1979 - Fredrik Heitkøtter for Frå Breheim til Mjøsstrand
1980 - Ragnar Ulstein for Småsamfunn i storkrig
1981 - Marie Takvam for Eg har røter i jord
1982 - Tor Obrestad for Sjå Jæren, gamle Jæren
1983 - Bjarne Rabben for Folk ved havet
1984 - Lillian Clausen Mangerøy for Elisabeth
1985 - Åse Gruda Skard for Liv laga
1986 - Signe Seim for - her budde ein gong eit barn
1987 - Jul Haganæs for Myrkegangsdalen
1988 - Sigurd Muri for Arvegods
1989 - Ikkje delt ut.
1990 - Hermann Starheimsæter for Han gjorde det
1991 - Oddgeir Bruaset for Folket langs Storfjorden
1992 - Jon Tolaas for Nattkino
1993 - Kolbjørn Hauge for Heit juice
1994 - Rune Belsvik for Dustefjerten og den store marsipanfesten
1995 - Jon Fosse for Melancholia 1
1996 - Ikkje delt ut.
1997 - Erna Osland for Det sjette grepet
1998 - Ikkje delt ut.
1999 - Merima Maja Brkic for Stans denne natta og Vekk meg
2000 - Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV
2001 - Carl Frode Tiller for Skråninga
2002 - Ragnar Hovland for Norske gleder
2003 - Are Kalvø for samla forfattarskap.
2004 - Brit Bildøen
2005 - Olaug Nilssen
2006 - Ingelin Røssland for Handgranateple
2007 - Frode Grytten for novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen
2008 - Lars Petter Sveen for novellesamlinga Køyre frå Fræna
Bakgrunnsstoff |
- Om Sunnmørsprisen på nettstaden til Sundmøre frilynde Ungdomssamlag (Web Archve)
Jul på Sunnmøre 2011