Magnus
Kong Magnus Lagabøte, steinhovud i Stavanger domkyrkje
Magnus er eit mannsnamn. «Magnus» er same ord som det latinske adjektivet «magnus», som tyder «stor».
Karl den store, som døydde i år 814, heitte på latin "Carolus Magnus". Truleg er det dette tilnamnet namnet "Magnus" stammar frå. Namnet "Magnus" vart brukt av nordiske vikinghovdingar i England på 900-talet.
Magnus vart seinare eit kongenamn. Bruken som alminneleg førenamn skuldast truleg helgenen St. Magnus (av Orknøyane, død 1115).
Sju norske kongar har hatt «Magnus» som fyrste namn:
- Kong Magnus I (Olavsson) den gode, konge (1035–1047)
- Kong Magnus II Haraldsson, konge (1066–1069)
- Kong Magnus III (Olavsson) Berrføtt, konge (1093–1103)
- Kong Magnus IV (Sigurdsson) Blinde, konge (1130–1135)
- Kong Magnus V Erlingsson, konge (1161–1184)
- Kong Magnus VI (Håkonsson) Lagabøte, konge (1263–1280)
- Kong Magnus Eriksson (Magnus VII), konge (1319–1355)
Kjende personar med namnet Magnus |
Magnus av Øsel (1540-1583), dansk prins, konge av Livland
Magnus Stenbock (1665-1717), svensk greve
Magnus Brostrup Landstad (1802-1880), norsk prest og salmediktar
Magnus Hirschfeld (1868-1935), tysk lækjar
Magnus Bernhard Olsen (1878-1963), norsk språkforskar
Magnus Buflod (1908-1997), norsk lyrikar
Magnus Andersen (1916-1994), norsk politikar (Ap)
Magnus Matningsdal (f. 1951), norsk høgsterettsdomar
Haakon Magnus (f. 1973), norsk kronprins
Magnus Bernhardsen (f. 1976), norsk målmann
Magnus Grønneberg (f 1976), tidlegare vokalist i CC Cowboys
Magnus Hængsle (f 1980), musikar
Magnus Børmark (f. 1982), norsk gitarist frå Musikkgruppa Gåte og 22
Magnus Glendrange (f. 1983), norsk høgdehoppar
Magnus Moan (f. 1983), norsk kombinertløpar
Magnus Myklebust (f. 1985), norsk fotballspelar
Magnus Carlsen (f. 1990), norsk sjakkspelar
Sverre Magnus (f. 2005), norsk prins
Kjende personar med etternamnet Magnus |
Anders Magnus (f. 1952), journalist, korrespondent i NRK.
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Magnus hjå Statistisk Sentralbyrå