Øyvind Dybvad




















Øyvind Dybvad

Fødd
3. februar 1908
Stjørdal
Død

12. desember 1989


Yrke
teikneserieskapar, skribent

Øyvind Dybvad (fødd 3. februar 1908 i Stjørdal i Nord-Trøndelag, død 12. desember 1989) var ein norsk teikneserieskapar.


Etter folkehøgskule, underoffisersskule og handelsskule vart han knytt til Norsk Barneblad, før han vart fast tilsett i 1941. Alt i 1939 hadde han teke til å arbeide med teikneserien Smørbukk. Han gjorde Smørbukk litt eldre, og samstundes vart forteljingane meir morosame.[1] Dette vart forsterka av Jens R. Nilssen sine fantasifulle teikningar.


Dybvad fekk i 1944 i gang teikneserien Tuss og Troll. Også her var det Jens R. Nilssen som teikna. Han var medredaktør i Norsk Barneblad frå 1949 saman med Andreas Haavoll, men dei to vart i 1954 usamde om opphavsretten til teikneseriane, og Dybvad gjekk over til Noregs Boklag. Her starta han saman med Jens R. Nilssen teikneserien Peik. Øyvind Dybvad var attende som tekstforfattar i Smørbukk i åra 1980–1983.



Utmerkingar |



  • Han var æresmedlem i Noregs Mållag

  • Leiar for Bondeungdomslaget i Oslo.

  • For verksemda si vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

  • I 1977 vann han Nynorsk barnelitteraturpris for Håkon Hestekar gjennom eld og vatn



Kjelder |



  • Haakon W. Isachsen: Ingen jul uten Juleheftene (Egmont Serieforlaget, 2004).

  • «Øystein Dybvad» av Svein Askheim hjå Store norske leksikon, innhenta 2. desember 2009.

  • «Øyvind Dybvad» i Allkunne, innhenta 17. april 2010.



Referansar |





  1. Isachsen 2004, s. 77.






Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal