Korps
Korps kan visa til ei gruppe personar med sams arbeidsoppgåver og blir brukt innan militærvesen, musikk og i ei rekkje andre samanhengar. Ordet er innlånt frå fransk og stammar frå latin corpus, 'lekam', der meininga er at korpset skal fungera som éi eining.
Korps er namnet på eit militært forband, ei stor samansett militær avdeling.
- Ein kan finna frittståande korps som musikkorps, til dømes janitsjarkorps og skolekorps, og buekorps.
Mange organisasjonar bruker «korps» om mindre einingar:
- Grupper som utfører samfunnstenester kan kallast «korps», til dømes politikorps, brannkorps, teljekorps ved val.
- Også heile yrkesgrupper kan kallast «korps», til dømes ambassadørkorps, offiserskorps, eller prestekorps. «Det diplomatiske korps» viser til utanlandske diplomatar i eit land som ei gruppe.
Frelsesarmeen bruker «korps» om det mange andre kristne samfunn kallar kyrkjelyd eller menigheit.
Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet. Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida. |