Karl II av Noreg
Karl II Karl XIII | |
Portrett av Karl II av Carl Fredric von Breda | |
Konge av Sverige og Noreg | |
Regjeringstid | 6. juni 1809-1818 (Sverige) 4. november 1814-1818 (Noreg) |
---|---|
Fødd | 7. oktober 1748 |
Fødestad | Stockholm |
Død | 5. februar 1818 (69 år) |
Dødsstad | Stockholm |
Gravlagd | Riddarholmskyrkan i Stockholm |
Føregjengar | Sverige Gustav IV Adolf Noreg Kristian Fredrik |
Etterfølgjar | Karl III Johan |
Gift med | Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg |
Kongehus | Fyrstehuset Holstein-Gottorp |
Motto | Folkets väl min högsta lag Folkets Vel min høyeste Lov |
Far | Adolf Fredrik av Sverige |
Mor | Lovisa Ulrika av Preussen |
Karl II (26. septemberjul./ 7. oktober 1748greg.–5. februar 1818) i den svenske kongerekkja Karl XIII, av fyrstehuset Holstein-Gottorp, var konge av Sverige frå 1809 og konge av Noreg frå 1814 fram til sin død i 1818. Han var den første kongen over Noreg og Sverige etter at unionen trådde i kraft.[1]
Han tok over den svenske trona etter nevøen Gustav IV Adolf som var blitt arrestert i mars 1809
og avsett av Riksdagen seinare same år.[1]
Innhaldsliste
1 Familie
2 Drapet på Gustav III
3 Mangel på tronfølgjar
4 Born
5 Kjelder
Familie |
Karl II var son av kong Adolf Fredrik av Sverige og Lovisa Ulrika av Preussen og yngre bror av kong Gustav III, Fredrik Adolf og Sofia Albertina. Etter at Gustav var blitt konge støtta Karl statskuppet til broren i 1772 og blei lønna med tittelen hertug av Södermanland.[1]
7. juli 1774 gifta han seg med kusina Hedvig Elisabeth. Ekteskapet kom i stand etter
påtrykk frå broren Gustav som på denne tida ikkje hadde fått nokon born og det var naudsynt å sikre arven til trona.[1]Men i 1778 fekk Gustav sonen Gustav Adolf. Karl og Hedvig Elisabeth fekk sonen Karl Adolf, hertug av Värmland i 1798 etter meir enn 20 års ekteskap, men han levde berre nokre dagar.
Drapet på Gustav III |
Under den russisk-svenske krigen 1788-1790 tente Karl som admiral. Han hadde kontaktar med leiande menn innan opposisjonen, men det er framleis ikkje klårt om han kjende til eller støtta planane om å myrde broren Gustav III i 1792.[1] Etterforskinga av mordet på Gustav III vart i hovudsak avslutta då Karl sitt namn byrja å dukka opp mellom dei samansvorne.
Karl tok over som formyndar for den mindreårige tronfølgjaren Gustav IV Adolf og trakk seg attende da han blei myndig. Sonen til Gustav, Gustav IV Adolf, si regjeringstid innebar mellom anna tap av Finland og Pommern. Då brorsonen Gustav IV Adolf vart avsett og kasta ut av Sverige, fekk Karl styra i namnet.
Mangel på tronfølgjar |
Ettersom kongeparet ikkje hadde nokre born, avgjorde Riksdagen at dei skulle adoptere ein son for å sikre monarkiet. Dei adopterte difor den danske prinsen og førre leiaren for den norske regjeringskommisjonen, Kristian August, som døydde i 1810, 41 år gamal. Same år vart den franske feltmarskalken Jean-Baptiste Bernadotte adoptert, den seinare Karl III Johan, han var då 47 år. På grunn av Karls dårlege helse tok Karl Johan over store delar av pliktane til kongen frå han kom til Sverige. Kongen var redusert
og nesten senil dement etter eit slagtilfelle nokre år tidlegare.[1]
Born |
Born i ekteskapet:
- Karl Adolf, hertug av Värmland, fødd 3. juli 1798, død 10. juli 1798[2]
Born med Augusta Fersen:
Carl Löwenhielm[3]
Adoptivsøner:
Kristian August av Holstein-Sonderburg-Augustenburg (1768-1810)
Karl III Johan (1763-1844), konge av Sverige og konge av Noreg frå 1818 til 1844
Kjelder |
↑ 1,01,11,21,31,41,5 Lars Roar Langslet. «Karl 2». Norsk biografisk leksikon. Henta 13. mars 2015.
↑ Olof Jägerskiöld. «Karl XIII». Svenskt biografiskt lexikon / Riksarkivet. Henta 13. mars 2015.
↑ Carl-Fredrik Palmstierna. «Carl A Löwenhielm». Svenskt biografiskt lexikon / Riksarkivet. Henta 13. mars 2015.
|- class="toccolours"
|align="center" width="30%" style=" white-space: nowrap "| Føregjengar:
Gustav IV Adolf
|align="center" width="40%" style=" white-space: nowrap "| Konge av Sverige
|align="center" width="30%" rowspan="2" style=" white-space: nowrap "| Etterfylgjar:
Karl III Johan
|- class="toccolours"
|align="center" width="30%" style=" white-space: nowrap "| Føregjengar:
Kristian Fredrik
|align="center" width="40%" style=" white-space: nowrap "|
Konge av Noreg
|