Koblenz

















































Koblenz
Andre namn
Før 1926 òg kalla Coblenz; fransk Coblence

Monumentet Deutsches Eck i Koblenz
Monumentet Deutsches Eck i Koblenz





Byvåpenet til Koblenz

Byvåpenet til Koblenz

Styresmakter

Delstat
Landkreis

Rheinland-Pfalz
Kreisfri by
Grunnlagd

1248
Geografi
Flatevidd
 - By


105,02 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik


105 888
  1 008/km²
Høgd over havet
60 m
Diverse anna
Postnummer
56001-56077
Telefon-retningsnummer
0261, 02606
Bilnummer
KO

Nettstad: www.koblenz.de

Koblenz er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg på begge sider av Rhinen der ho møter elva Mosel.


Koblenz kjem av det latinske ordet (ad) Confluentes, som tyder 'der elvar renn i hop'. Byen har sitt opphav i ein militærleir oppretta av Nero Claudius Drusus i om lag år 8 fvt., og i 1992 feira byen 2000-årsjubileum.


Etter Mainz og Ludwigshafen am Rhein er byen den tredje største i Rheinland-Pfalz. Koblenz ligg i Rheinland, 92 km søraust for Köln med jernbane.



Historie |




Kurfürstliches Schloss




Festung Ehrenbreitstein sett frå Koblenz


Rundt år 1000 fvt. vart det bygd festningsverk på åsen Festung Ehrenbreitstein på motsett side av Mosel. I år 55 fvt. kommanderte Julius Cæsar romerske troppar til å byggje ei bru mellom Koblenz og Andernach. Rundt år 9 fvt. vart militærleiren Castellum apud Confluentes oppretta av Drusus.


Seinare var Koblenz stundom residens for frankiske kongar, og i 860 og 922 vart det halde kyrkjemøter her. På det siste av desse, halde i Liebfrauenkirche, vart det forsoning mellom Ludvig den tyske og halvbroren hans Karl den skalla.


I 1018 fekk erkebiskopen av Trier eit dokument av keisar Henrik II, som gav han rettane over byane. Erkebiskopane hadde byen fram til slutten av 1700-talet. I 1249-1254 vart det bygd bymurar rundt byen av erkebiskop Arnold II (av Isenburg), og seinare erkebiskopar forsterka bymurane og festninga Ehrenbreitstein for å imponere innbyggjarane. Som ein by langs Rhinen vart Koblenz snart ein velståande by, og haldt fram med å bløme fram til trettiårskrigen. Etter Filip Kristoffer, kurfyrste av Trier, overgav Ehrenbreitstein til franskmenna fekk byen ein riksgarnsison (1632), som like etter vart drive bort av svenskane. Dei gav så byen til Frankrike, men dei tyske troppane tok byen tilbake i eit stormåtak i 1636.


I 1688 vart Koblenz omleira av franske troppar under Marshal de Boufflers, men alt dei klarte var å bombardere gamlebyen til ruinar, og øydela mellom anna det gamle varhuset (Kaufhaus), som vart bygd opp att i 1725. I 1786 tok kurfyrsten av Trier, Clement Wenceslaus av Sachsen, residens i byen og bygde ut og utbedra byen. Eit par år seinare tok Koblenz imot flyktningar frå Frankrike, noko som utløyste sinne mot erkebiskopen frå dei franske republikanarane i 1794. Koblenz vart erobra av av den franske revolusjonshæren under Marceau (som fall under slaget), og etter signeringa av Lunévilletraktaten i 1801 vart han ein av hovudbyane i departementet Rhin-et-Moselle. I 1814 vart han okkupert av russarar, og etter Wienerkongressen gjeve til Preussen. I 1822 vart han hovudstad i den prøyssiske provinsen Rhein.


Etter den andre verdskrigen okkuperte Frankrike området nok ein gong, og byen vart bygd opp att. Mellom 1947 og 1950 var han hovudstad i Rheinland-Pfalz.


Rhingjelet vart gjort til ein verdsarvstad i 2002, der Koblenz ligg i den nordlege enden. Nær Koblenz ligg Lahneck slott nær Lahnstein.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Koblenz



  • Panoramanbilete av Koblenz

  • Bykart



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Koblenz frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva