Vevring er ei bygd i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg på nordsida av Førdefjorden. Bygda var sentrum for den tidlegare sjølvstendige kommunen Vevring kommune fram til 1964.
Innhaldsliste
1Vevring kommune 1837-1964
1.1Folketalsutvikling
2Arkiv frå Vevring kommune
3Fotnotar
Vevring kommune 1837-1964 |
Kommunen vart opprett som Vevring formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1964 blei kommunen delt og slått saman med andre kommunar.[1] Området nord for Førdefjorden med 439 innbyggjarar (unnateke Steindal krins) blei slått saman med delar av Naustdal til den nye Naustdal kommune.
Området sør for Førdefjorden med 407 innbyggjarar blei slått saman med Askvoll kommune, og området sør for Førdefjorden i Bru kommune til den nye Askvoll kommune.
Steindal krins i Vevring, med 25 innbyggjarar, blei slått saman med Florø, Eikefjord og Kinn kommunar saman med delar av Bremanger og Bru til ein ny kommune, som fekk namnet Flora kommune.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling for tidlegare Vevring kommune frå 1920 til 1964:
1.12.1920[2]
1.12.1930[3]
3.12.1946[3]
1.1.1951[4]
1.1.1961[4]
1.1.1964[1]
1141
1037
975
954
890
871
Arkiv frå Vevring kommune |
Formannskapet. Frå Arkivportalen.no
Fattigstyret. Frå Arkivportalen.no
Skorva skule. Frå Arkivportalen.no
Skulestyret. Frå Arkivportalen.no
Steindalen skule. Frå Arkivportalen.no
Fotnotar |
↑ 1,01,1«Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
↑Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
↑ 3,03,1Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 4,04,1Folkemengd i Vevring 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...