Harald U. Sverdrup

Multi tool use
Denne artikkelen handlar om presten og stortingsmannen. For oseanografen, sjå Harald Ulrik Sverdrup.
Harald U. Sverdrup
|
Fødd
|
18. februar 1813
|
Død
|
23. april 1891
|
|
1. verv
|
Ordførar i Leikanger
|
- periode
|
1848-1849
|
- føregangar
|
Herman Brun
|
- etterfylgjar
|
Herman Brun
|
2. verv
|
Ordførar i Balestrand
|
- periode
|
1849-1879
|
- etterfylgjar
|
Sjur Bjåstad
|
|
Harald Ulrik Sverdrup (18. februar 1813–23. april 1891) var ein norsk prest og stortingsmann fødd på Jarlsberg hovudgard. Han var far til Jakob Sverdrup. Johan Sverdrup var bror hans.
Sverdrup var son til ein lærar, og vart undervist heime til han gjekk fire år ved middelskulen i Larvik. Han vart då student i 1831 og cand. theol. i 1837. Dei neste seks åra arbeidde han på universitetsbiblioteket i Christiania, samstundes som han var lærar på ein skule, og for kvinnelege fangar på tukthuset i byen. Frå 1845 var han i fire år residerande kapellan i Leikanger i Sogn, deretter sokneprest i Balestrand i lang tid, 1849-83. Allereie i 1853 fekk han seg ein helseknekk og heldt sidan personalkapellan.
Sverdrup var ordførar i Leikanger 1848-1849, ogi den nyoppretta kommunen Balestrand 1849-79. Han stod bak opprettinga av Balestrand Sparebank, der han i lang tid var styreformann. Også sterk delaktig i opprettinga av Fjordabåtane, styremedlem 1856-83. Forlikskommissær 1856-89. Han skreiv ei forklaring, Udtog af Dr. Erich Pontoppidans Forklaring til de Enfoldiges Nytte, som kom ut fyrste gongen i 1856 og sidan i mange opplag.
Sverdrup representerte Nordre Bergenhus amt på Stortinget frå 1851 til 1869, og 1874-76. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1858 og 1875. Han var formann i kyrkjekomiteen 1851, sidan medlem i same fram til 1860, deretter 1862-69 i kyrkjekomite nr 2, 1874-76 i kyrkjekomiteen att. Frå 1854 var han medlem av valkomiteen i alle seinare storting han var med på. Elles sekretær i adressekomiteen 1851, komiteen om representantfordelinga 1857, komiteen om statthaldarsaka 1859-60, 1864 om den dansk-tyske krig, 1874 av jarnbanekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm. I 1853 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om fattiglovgjevinga.
Han døydde i Balestrand i 1891.
Kjelder |
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Biografisk informasjon om Harald U. Sverdrup NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Ordførarar i Balestrand kommune NRK Fylkesleksikon
Autoritetsdata |
- WorldCat
- BIBSYS
- Historisk befolkningsregister
- PolSys
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
|
|
HHMd 3b1zeNSgP3Cr8hUdN EM4,tvV6 D5ZXI
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...