Moss kommune
Moss kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Østfold | |
Adm.senter | Moss | |
Areal | 63 km² | |
- land | 58 km² | |
- vatn | 5 km² | |
Folketal | 32 588 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 562 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Hanne Tollerud (Ap[1]) | |
Kommunenr. | 0104 | |
Wikimedia Commons: Moss, Norway | ||
Nettstad: www.moss.kommune.no | ||
Moss kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar i aust til Våler kommune, i sør til Rygge kommune, og i nord til Vestby kommune i Akershus fylke. Kommunen omfattar Jeløy, fastlandet mellom Vansjø og Mossesundet, og den store Dillingøya i Vansjø. Moss kommune fekk sine nåverande grenser i 1943, da kommunane Jeløy og Moss blei slått saman.
Administrasjonssenteret i kommunen er byen Moss. Bysenteret ligg på fastlandet, ved Kanalen som bind Mossesundet saman med Værlebukta. Folkemengda er konsentrert til områda like rundt bykjernen og søre Jeløy. Sjølve tettstaden Moss (46 618 innbyggjarar per 1. januar 2017) strekker seg søraustover og inn i nabokommunen Rygge.
Innhaldsliste
1 Samferdsel
2 Næringsliv
3 Kommunevåpenet
4 Kjende folk frå Moss
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Samferdsel |
Gjennom Moss går den vestre linja til Østfoldbanen. E 6 (Oslo–Svinesund) går som motorveg aust for bysenteret. Riksveg 19 fører frå E 18 på vestsida av Oslofjorden via ferje Horten–Moss austover til E 6. Fylkesveg 120 fører frå E 6 nordaustover til Våler, Hobøl og Lillestrøm. Fylkesveg 119 går sørover langs kysten til Larkollen i Rygge og fylkesveg 118 mot søraust på Raet til Ryggebyen. Det er fastbru over kanalen mellom Mossesundet og Værlebukta til Jeløy.
Næringsliv |
Moss er ein viktig industrikommune og eit viktig handelssenter. Viktige bransjar er verkstadindustri, treforedling, produksjon av gummi- og plastprodukt, ikkje-metallhaldige mineralprodukt og næringsmiddelindustri, mellom anna Regal Mølle, Moss Aktiebryggeri og Felleskjøpet Østlandet. Det er relativt avgrensa jordbruk, men hagebruket er viktig, spesielt på Jeløy og i sørlege delar på fastlandet. Særleg sterkt står dyrking av grønsaker. Mosseelva er bygd ut med 1,9 MW.
Den einaste lokalavisa i kommunen er dagsavisa Moss Avis. Moss Dagblad er lagt ned og kom ut siste gong 31. mars 2009.
Kommunevåpenet |
Kommunevåpenet blei godkjent i 1954 og har ei gull kråke mot ein raud bakgrunn. Motivet spelar på kallenamnet på innbyggarane i byen, «mossekråker».
Kjende folk frå Moss |
Jon Michelet (1944–), forfattar
Eyvind Hellstrøm, (1948–), gourmetkokk og programleiar
Jonny Halberg, (1962–), forfattar
Erland Johnsen (1967–), fotballtrenar og tidlegare fotballspelar
Geir Moen (1969–), tidlegare friidrettsutøvar
Ari Behn (1972–), forfattar, gift med Prinsesse Märtha Louise.
Thomas Myhre (1973–), fotballspelar
Agnar Lirhus (1978–), forfattar og musikar
Amin Askar (1985–), fotballspelar
Kjelder |
↑ Helge Warberg-Knoll (21. september 2017). «Hanne Tollerud blir historisk - første kvinnelige ordfører fra Ap i Moss». Moss Avis. Henta 13. oktober 2017.
«Moss» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff |
- Moss kommune
Kommunar i Østfold | ||
---|---|---|
|
|