Rydbergkonstanten
Rydbergkonstanten er ein storleik som blir brukt i atomfysikken i Rydbergformelen for å angje bølgjetalet for spektrallinjer som tilhøyrer same spektralserie. Symbolet for konstanten er R∞ eller Rh.
R∞=mee48ε02h3c=1.0973731568539(55)×107m−1,{displaystyle R_{infty }={frac {m_{text{e}}e^{4}}{8varepsilon _{0}^{2}h^{3}c}}=1.0973;731;568;539(55)times 10^{7},{text{m}}^{-1},}[1]
der me{displaystyle m_{text{e}}} er kvilemassen til elektronet, e{displaystyle e} er elementærladning, ε0{displaystyle varepsilon _{0}} er permitiviteten i vakuum, h{displaystyle h} er Planckkonstanten, og c{displaystyle c} er lysfarten i vakuum.
Denne konstanten er ofte nytta i atomfysikk med energieininga Rydberg:
1 Ry≡hcR∞=13.60569253(30)eV.{displaystyle 1 {text{Ry}}equiv hcR_{infty }=13.605;692;53(30),{text{eV}}.}[1]
Konstanten er kalla opp etter den svenske fysikaren Janne Rydberg (1854–1919).
Kjelder |
- rydbergkonstanten. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/rydbergkonstanten
↑ 1,01,1 P.J. Mohr, B.N. Taylor, and D.B. Newell (2011), "The 2010 CODATA Recommended Values of the Fundamental Physical Constants" (Web Version 6.0). http://physics.nist.gov/constants. National Institute of Standards and Technology, Gaithersburg, MD 20899. Lenkje til R∞, Lenkje til hcR∞