¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Haute-Saône er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter elva Saône.
Innhaldsliste
1Historie
2Geografi
3Økonomi
4Bakgrunnsstoff
Historie |
Departementet vart oppretta 22. desember 1789 under den franske revolusjonen frå delar av den tidlegare franske provinsen Franche-Comté
Geografi |
Departementet ligg mellom Lorraine og Alsace i nord og Bourgogne i sør, og grensar til departementa Haute-Marne i nordvest, Vosges i nord, Territoire de Belfort i aust, Doubs og Jura i sør og Côte-d'Or i vest.
Nord i departementet ligg dei sørlege områda av fjellkjeda Vogesane. Her har elva Saône sitt utspring, som har gjeve namn til departementet, og renn sørvestover.
Økonomi |
Hovudnæringa i departementet er jordbruk, nesten halvparten av overflata er dyrkande jord og beiteland. Ein tredjedel er dekt av skog. Eit kjend produkt frå regionen er osten Comté.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haute-Saône
Robin Clark er ein amerikansk vokalist som er mest kjend for arbeidet sitt med det britiske bandet Simple Minds i 1980-åra. Ho song òg på albuma og turenane til mange andre artistar, mellom andre David Bowie og Luther Vandross. Ho gav òg det einaste soloalbumet sitt, Surrender , i 1984. Ho er gift med gitaristen Carlos Alomar og dei har ei dotter i lag. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Robin Clark» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2011. Bakgrunnsstoff | Offisiell MySpace Robin Clark på Allmusic.com Autoritetsdata MusicBrainz (artist) Discogs (artist) AllMusic (artist) This page is only for reference, If you need detailed information, please check here
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Johnny Weissmuller som Tarzan i eventyrfilmen Tarzan (1932). Tarzan er hovudpersonen i ein romanserie av Edgar Rice Burroughs på 24 bind, og dessutan ei bok med to forteljingar for barn. Tarzan er i bøkane son av to britiske adelege som vert etterlate av mytteristar på ein øyda strandstrekning på Afrikas vestkyst. I eit forsøk på å overleva byggar foreldra ei hytte i jungelkanten, men vert drepe av store aper medan guten er spedbarn. Tarzan vert oppdrege av apehunnen Kali og adoptert inn i apearten mangani , moglegvis eit mellomledd mellom sjimpansar og gorillaer. Tarzan finn etterkvart attende til hytta til foreldra og viser ein uvanleg intelligens ved å læra å lesa ...
Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft. Embetet blir leia av riksmeklingsmannen , som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar. Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om. Riksmeklingsmenn | 1. januar 1916–1. mars 1920: J.M. Lund 1. mars 1920–1. januar 1921: Vilhelm Lie 15. februar 1921–8. d...