Trastefamilien
Trastefamilien | ||
Gråtrast, Turdus pilaris Foto: Adam Kumiszcza | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Familie: | Turdidae |
Trastefamilien (Turdidae) er små til mellomstore sporvefuglar. Familien er utbreidd over det meste av verda og har rett under 160 artar. Den største slekta i familien er Turdus med 77 artar.
Innhaldsliste
1 Skildring
2 Artslista
3 Kjelder
3.1 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Skildring |
Trastar er fyldige, små til mellomstore fuglar, med mjuk fjørdrakt som lever i skogområde, og ofte beitar på bakken eller et små frukter. Dei søraustasiatiske kortvengene, kan vere dei minste trastane slik familien er sett saman no. Alvekortveng er gjennomsnittleg 12 centimeter i lengd. Den største trasten er blåplystretrast, på 178 g og 33 cm. Stortrast er lik i lengd, men mindre kraftig bygd.[1] Dei fleste artane er gråe eller brune i farga, ofte med flekkete underside.
Dei er insektetande, men dei fleste artane et òg ormar, landsniglar og frukt. Mange artar er stasjonære i varme strøk, medan andre trekkjer til høgare breiddegrader om sommaren, ofte over store avstandar.[2]
Trastar byggjer koppforma reir, nokre gonger kledd med tørka gjørme. Dei legg to til fem flekkete egg, nokre gonger kan dei ha to eller fleire kull per år. Begge foreldra hjelper til å syte for ungane.[2]
Songane av nokre artar, inkludert medlemmer av slektene Catharus, Myadestes, og Turdus, ansast å vere blant dei venaste i menneskelege øyre frå fugleverda. [3]
Artslista |
Trastane var tidlegare ofte delt inn i to hovudgrupper. Stortrastar og småtrastar, sistnemnde med 200 artar og 33 slekter. Nyare forsking har vist at småtrastane er nærare i slekt med flugesnapparar enn med dei eigentlege trastane, noko som gjorde gruppa parafyletisk. I dag er derfor småtrastar klassifisert som flugesnapparar.
Av norske fuglar vert desse tradisjonelt rekna til stortrastar:
Duetrast Turdus viscivorus
Gråtrast Turdus pilaris
Måltrast Turdus philomelos
Raudvengtrast Turdus iliacus
Ringtrast Turdus torquatus
Svarttrast Turdus merula
Trastefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Slekt Neocossyphus
Raudhaleflugetrast, Neocossyphus fraseri, Rufous Flycatcher-Thrush
Kvithaleflugetrast, Neocossyphus finschii, Finsch's Flycatcher-Thrush
Raudhalemaurtrast, Neocossyphus rufus, Red-tailed Ant-Thrush, LC, Fischer & Reichenow, 1884
Kvithalemaurtrast, Neocossyphus poensis, White-tailed Ant-Thrush, LC, Strickland, 1844
Slekt Geomalia
Geomalia, Geomalia heinrichi, Geomalia, NT, Stresemann, 1931
Slekt Geokichla
Sibirtrast, Geokichla sibirica, Siberian Thrush
Prakttrast, Geokichla wardii, Pied Thrush
Flekktrast, Geokichla guttata, Spotted Ground-Thrush
Svartøyretrast, Geokichla camaronensis, Black-eared Ground-Thrush
Skuggetrast, Geokichla princei, Gray Ground-Thrush
Sotfjestrast, Geokichla crossleyi, Crossley's Ground-Thrush
Tåretrast, Geokichla oberlaenderi, Oberlaender's Ground-Thrush
Glotrast, Geokichla piaggiae, Abyssinian Ground-Thrush
Kivutrast, Geokichla tanganjicae, Kivu Ground-Thrush
Bantutrast, Geokichla gurneyi, Orange Ground-Thrush
Flekkvengtrast, Geokichla spiloptera, Spot-winged Thrush
Osketrast, Geokichla cinerea, Ashy Thrush
Burutrast, Geokichla dumasi, Buru Thrush
Seramtrast, Geokichla joiceyi, Seram Thrush
Brunhettetrast, Geokichla interpres, Chestnut-capped Thrush
Engganotrast, Geokichla leucolaema, Enggano Thrush
Harlekintrast, Geokichla dohertyi, Chestnut-backed Thrush
Oransjebrysttrast, Geokichla peronii, Orange-banded Thrush
Skiferryggtrast, Geokichla schistacea, Slaty-backed Thrush
Raudryggtrast, Geokichla erythronota, Rusty-backed Thrush
Kvitøyretrast, Geokichla mendeni, Red-and-black Thrush
Ravtrast, Geokichla citrina, Orange-headed Thrush
Slekt Zoothera
Langhaletrast, Zoothera dixoni, Long-tailed Thrush, LC, Seebohm, 1881
Nettingtrast, Zoothera mollissima, Plain-backed Thrush, LC, Blyth, 1842
Dunkeltrast, Zoothera marginata, Dark-sided Thrush, LC, Blyth, 1847
Langnebbtrast, Zoothera monticola, Long-billed Thrush, LC, Vigors, 1832
Smygetrast, Zoothera everetti, Everett's Thrush, NT, Sharpe, 1892
Sundatrast, Zoothera andromedae, Sunda Thrush, LC, Temminck, 1826
Gulltrast, Zoothera dauma, Scaly Thrush, LC, Latham, 1790
Makiratrast, Zoothera margaretae, San Cristobal Thrush, NT, Mayr, 1935
Eukalyptustrast, Zoothera lunulata, Olive-tailed Thrush, LC, Latham, 1801
Tåketrast, Zoothera talaseae, New Britain Thrush, NT, Rothschild & Hartert, 1926
Rusthaletrast, Zoothera heinei, Russet-tailed Thrush, LC, Cabanis, 1850
Tanimbartrast, Zoothera machiki, Fawn-breasted Thrush, NT, Forbes, 1883
Slekt Cataponera
Bandittrast, Cataponera turdoides, Sulawesi Thrush, LC, Hartert, 1896
Slekt Nesocichla
Tristantrast, Nesocichla eremita, Tristan Thrush, NT, Gould, 1855
Slekt Sialia
Austblåfugl, Sialia sialis, Eastern Bluebird, LC, Linné, 1758
Vestblåfugl, Sialia mexicana, Western Bluebird, LC, Swainson, 1832
Fjellblåfugl, Sialia currucoides, Mountain Bluebird, LC, Bechstein, 1798
Slekt Myadestes
Gråsolitærtrast, Myadestes townsendi, Townsend's Solitaire, LC, Audubon, 1838
Tyglesolitærtrast, Myadestes occidentalis, Brown-backed Solitaire, LC, Stejneger, 1882
Kubasolitærtrast, Myadestes elisabeth, Cuban Solitaire, NT, Lembeye, 1850
Raudstrupesolitærtrast, Myadestes genibarbis, Rufous-throated Solitaire, LC, Swainson, 1838
Maskesolitærtrast, Myadestes melanops, Black-faced Solitaire, LC, Salvin, 1865
Dariensolitærtrast, Myadestes coloratus, Varied Solitaire, LC, Nelson, 1912
Skifersolitærtrast, Myadestes unicolor, Slate-colored Solitaire, LC, Sclater, 1857
Andessolitærtrast, Myadestes ralloides, Andean Solitaire, LC, D'Orbigny, 1840
Kamao, Myadestes myadestinus, Kamao, EX, Stejneger, 1887
Olomao, Myadestes lanaiensis, Olomao, CR (PE), Wilson, 1891
Omao, Myadestes obscurus, Omao, VU, Gmelin, 1789
Puaiohi, Myadestes palmeri, Puaiohi, CR, Rothschild, 1893
Slekt Catharus
Svartnebbskogtrast, Catharus gracilirostris, Black-billed Nightingale-Thrush, LC, Salvin, 1865
Oransjenebbskogtrast, Catharus aurantiirostris, Orange-billed Nightingale-Thrush, LC, Hartlaub, 1850
Sotskogtrast, Catharus fuscater, Slaty-backed Nightingale-Thrush, LC, Lafresnaye, 1845
Rustskogtrast, Catharus occidentalis, Russet Nightingale-Thrush, LC, Sclater, 1859
Brunkroneskogtrast, Catharus frantzii, Ruddy-capped Nightingale-Thrush, LC, Cabanis, 1861
Svartkroneskogtrast, Catharus mexicanus, Black-headed Nightingale-Thrush, LC, Bonaparte, 1856
Svarthetteskogtrast, Catharus dryas, Spotted Nightingale-Thrush, LC, Gould, 1855
Viriskogtrast, Catharus fuscescens, Veery, LC, Stephens, 1817
Gråkinnskogtrast, Catharus minimus, Gray-cheeked Thrush, LC, Lafresnaye, 1848
Irokesarskogtrast, Catharus bicknelli, Bicknell's Thrush, VU, Ridgway, 1882
Brunkinnskogtrast, Catharus ustulatus, Swainson's Thrush, LC, Nuttall, 1840
Eremittskogtrast, Catharus guttatus, Hermit Thrush, LC, Pallas, 1811
Slekt Hylocichla
Flekkskogtrast, Hylocichla mustelina, Wood Thrush, LC, Gmelin, 1789
Slekt Psophocichla
Marktrast, Psophocichla litsitsirupa, Groundscraper Thrush, LC, Smith, 1836
Slekt Entomodestes
Svartsolitærtrast, Entomodestes coracinus, Black Solitaire, LC, Berlepsch, 1897
Kvitkinnsolitærtrast, Entomodestes leucotis, White-eared Solitaire, LC, Tschudi, 1844
Slekt Cichlopsis
Brunsolitærtrast, Cichlopsis leucogenys, Rufous-brown Solitaire, LC, Cabanis, 1850
Slekt Turdus er 77 «verkelege» trastar
Slekt Ixoreus
Bandtrast, Ixoreus naevius, Varied Thrush
Slekt Ridgwayia
Aztektrast, Ridgwayia pinicola, Aztec Thrush
Slekt Chlamydochaera
Fruktplukkar, Chlamydochaera jefferyi, Fruit-hunter, LC, Sharpe, 1887
Slekt Cochoa
Purpurkotsjoa, Cochoa purpurea, Purple Cochoa, LC, Hodgson, 1836
Grønkotsjoa, Cochoa viridis, Green Cochoa, LC, Hodgson, 1836
Turkiskotsjoa, Cochoa beccarii, Sumatran Cochoa, VU, Salvadori, 1879
Blåkotsjoa, Cochoa azurea, Javan Cochoa, VU, Temminck, 1824
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Thrush (bird)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011
Referansar |
↑ Thrushes by Peter Clement. Princeton University Press (2001), ISBN 978-0-691-08852-5.
↑ 2,02,1 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 186–187. ISBN 1-85391-186-0.
↑ http://rogcad.com/hermitthrush/index.htm
↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff |
- Olav Hogstad: Norges dyr Fuglene 3. Cappelen, 1991.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trastefamilien
Videoar, bilete og lydopptak av fuglar i trastefamilien hos Internet Bird Collection
|