SI-systemet




SI-systemet (frå fransk Système International d'Unités) er det internasjonale systemet for måleiningar. Formålet med systemet er å danne ein standard einingar som kan nyttast til vitskaplege, tekniske såvel som kvardagslege målingar.


SI er bygd opp av sju fysisk definerte grunneiningar og to geometrisk definerte supplementseiningar. Desse har ein så kombinert til ulike avleia einingar.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk


  • 2 Einingar


    • 2.1 Grunneiningar


    • 2.2 Supplementseiningar


    • 2.3 Avleia einingar


    • 2.4 Tilleggseiningar


    • 2.5 Prefiks




  • 3 Sjå au


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historikk |


SI-systemet vart oppretta i 1960 av Generalkonferansen for mål og vekt i Paris og er utforma av den internasjonale komiteen for mål og vekt (CGPM). Systemet er ei vidareføring av MKSA-systemet (metersystemet) som vart tilrådd i 1948 for bruk i alle land som hadde vedteke meterkonvensjonen. Det er dette systemet som med nokre endringar og tillegg har blitt til SI-måleeiningar. SI-systemet vart innført i Noreg ved kongeleg resolusjon av 19. juni 1977.


SI-systemet skriv seg frå ikring 1640. Franske vitskapsfolk utforma det, og spreidde seg med den franske revolusjonen i 1789. Systemet forsøkte å definere einingar på ikkje-vilrkårleg vis, og dette passa godt, sidan folkevett stod sentralt til ideen for revolusjonen.


I Noreg vart systemet vedteke ved lov 22. mai 1875, og kjend gyldig frå 1. juli 1882. I Danmark ved lov 4. mai 1907, kjend gyldig frå 1. april 1916, Sverige ved lov 22. november 1878 kjend gyldig frå 1. januar 1889, og Finland ved lov 16. juli 1886 kjend gyldig frå 1. januar 1892.



Einingar |


Dei sju fysisk definerte grunneiningane og to geometrisk definerte supplementseiningane er blitt kombinerte til ulike avleia einingar. Sjølv om SI-systemet har einingar som dekker så godt som alle mål, finst det ein del einingar som er særs utbreidt i daglegtale utan å inngå i sjølve systemet og som ein har blitt samde om å bruke som tilleggseiningar.



Grunneiningar |





Sekund, her markert med ein raud visar på ei klokke, er ei grunnleggjande SI-eining.











































Eining
Symbol
Storleik
meter m
lengd
kilogram kg
masse
sekund s
tid
ampere A
elektrisk straum
kelvin K
temperatur
candela cd
lysstyrke
mol mol
stoffmengd


Supplementseiningar |




  • radian (rad) for vinkel


  • steradian (sr) for romvinkel



Avleia einingar |












































































































Eining
Symbol
Storleik
newton N
kraft
hertz Hz
frekvens
joule J
energi
watt W
effekt
pascal Pa
trykk
lumen lm
lysfluks
lux lx
lysmengd per areal
coulomb C
elektrisk ladning
volt V
elektrisk spenning
ohm Ω
elektrisk motstand
farad F
elektrisk kapasitans
weber Wb
magnetisk fluks
tesla T
magnetisk flukstettleik
siemens S
elektrisk leiingsevne
henry H
induktans
grader Celsius °C
Celsius-temperatur
becquerel Bq
radioaktivitet
gray Gy
absorbert strålingsdose
sievert Sv
ekvivalentdose
katal kat
katalytisk aktivitet


Tilleggseiningar |




  • grad (temperatur)


  • liter (volum)


  • tonn (masse)


  • parsec (astronomisk lengdeeining)



Prefiks |









































































































Namn
Symbol
Faktor
 
Namn
Symbol
Faktor
 
Namn
Symbol
Faktor
 
Namn
Symbol
Faktor
yotta Y 1024
  giga G 109
  desi d 10-1
  piko p 10-12
zetta Z 1021
  mega M 106
  centi c 10-2
  femto f 10-15
exa E 1018
  kilo k 103
  milli m 10-3
  atto a 10-18
peta P 1015
  hekto h 102
  mikro µ 10-6
  zepto z 10-21
tera T 1012
  deka da 101
  nano n 10-9
  yocto y 10-24


Sjå au |


  • SI-prefiks


Bakgrunnsstoff |




  • bipm.fr, Bureau International des Poids et Mesures


  • nist.gov, National Institute of Standards and Technology





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva