Tsjuvasjia (russisk Чувашская Республика; tsjuvasjisk Чăваш Республики) er ein republikk i Russland og heimlandet til det tsjuvasjiske folket. Det er eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tsjeboksary, ein by ved Volga med om lag ein halv million innbyggjarar.
Innhaldsliste
1Folk
2Geografi
2.1Byar
3Språk
4Fotnotar
5Bakgrunnsstoff
Folk |
Størsteparten (om lag 906 000) av innbyggjarane er tsjuvasjar. Tsjuvasjia har 1 727 større og mindre landsbyar der det nesten berre bur tsjuvasjar. I dei største byane bur det òg mange russarar, tatarar, mordvinarar, ukrainarar og mariar.
Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
Tsjuvasjar: 65,1 %
Russarar: 25,8 %
Tatarar: 2,7 %
Mordvinarar: 1,0 %
Geografi |
Tsjuvasjia er samansett av 21 distrikt (russisk районы):
Alatyrskij (Алатырский)
Alikovskij (Аликовский)
Batyrevskij (Батыревский)
Ibresinskij (Ибресинский)
Jadrinskij (Ядринский)
Jaltsjikskij (Яльчикский)
Jantikovskij (Янтиковский)
Kanasjskij (Канашский)
Komsomolskij (Комсомольский)
Kozlovskij (Козловский)
Krasnoarmejskij (Красноармейский)
Krasnotsjetajskij (Красночетайский)
Mariinsko-Posadskij (Мариинско-Посадский)
Morgausjskij (Моргаушский)
Poretskij (Порецкий)
Sjemursjinskij (Шемуршинский)
Sjumerlinskij (Шумерлинский)
Tsivilskij (Цивильский)
Tsjeboksarskij (Чебоксарский)
Urmarskij (Урмарский)
Vurnarskij (Вурнарский)
Byar |
Tsjeboksary (453 700)
Novotsjeboksarsk (124 100)
Kanasj (45 610)
Alatyr (38 200)
Sjumerlja (31 720)
Kozlovka (10 360)
Tsivilsk (13 480)
Kugesi (11 920)
Jadrin (9614)
Mariinskij-Posad (9088)
(folketal frå 2010)[1]
Språk |
I byane er russisk det mest brukte språket, på landsbygda er tsjuvasjisk meir utbreitt.
Fotnotar |
↑ 1,01,11,2"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff |
Republikken sine offisielle heimesider på russisk, engelsk og tysk
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...