Glomfjord kraftverk

Multi tool use
Koordinatar: 66°47′49″N 14°00′04″E

Glomfjord kraftverk, bygning teikna av Olaf Nordhagen.
Foto: Matti Paavola
Glomfjord kraftverk er eit vasskraftverk ved Fykan inst i Glomfjorden i Meløy kommune i Nordland fylke. Eigar av kraftverket er Statkraft
Kraftverket nyttar eit fall på 464 meter mellom Nedre Navarvatnet og havnivå. Nedre Navervatnet er magasin for verket og det er regulert mellom 468 og 462 moh.
Kraftverket har seks turbinar, men frå 1994 har dei berre køyrd aggregat 3. Årsaka er at størstedelen av vatnet som før vart brukt i kraftverket, no vert overført til Svartisen kraftverk. Det er installert ein Peltonturbin på 20 MW. Middels årsproduksjon er på 85 GWh.
Sjølve kraftstasjonen ligg i dagen, og er eit monumentalt bygg, teikna av arkitekt Olaf Nordhagen.
Historie |
Produksjonen starta i 1920. Verket vart utvida av den tyske okkupajonsmakta under andre verdskrigen for å skaffe energi til produksjon av aluminium i Glomfjord, som skulle gå til produksjon av krigsfly i Tyskland.
Delar av kraftverket og røyrgata ned til turbinhallen frå fjellet vart skadd under sabotasjeaksjonen i 1942 - Operasjon muskedunder. Tolv engelske spesialsoldatar, inkludert to norske kjentfolk som tenestegjorde og øvde som soldatar i England, tok seg over fjellet og Svartisen etter å ha vorte sett i land frå ein fransk undervassbåt som hadde gått i alliert teneste i England, og gjekk til åtak på turbinhallen og røyrgata for å setje ein sluttstrek for all tysk aluminiumsproduksjon i Glomfjord. Etter aksjonen gav okkupasjonsmakta opp utbygginga av aluminiumsverket her.
Kjelder |
Bakgrunnsstoff |
Vis Glomfjord kraftverk i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Satset livet for Norge ved NRK.no
aETVFUzstku,VoygS2G lR4aCJWF,wlWnupaNVp IdDpgc8ruZ xr MRFHB,LI3VvRY,3,yxRodN4,nNh,ddh
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...