Fribourg
Fribourg/Freiburg | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
Kanton | kantonen Fribourg | ||
Distrikt | Sarine | ||
| Språk | fransk og tysk | ||
| Borgarmeister | Pierre-Alain Clément | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune | 9,32 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 34 897 3 744,3 /km² | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 610 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1700 | ||
Nettstad: www.ville-fribourg.ch | |||
Fribourg (fransk; på tysk Freiburg im Üechtland eller berre Freiburg) er ein by i kantonen Fribourg i Sveits. Byen har eit areal på 9,3 km2, og hadde 34 490 innbyggarar i 2009. Fribourg er hovudstad i kantonen ved same namn, og i distriktet Sarine. Byen ligg ved elva Saane. Bysentrum ligg 610 meter over havet.
Utsyn mot Fribourg
Byen vart grunnlagd i 1157 under Berchtold IV von Zähringen. Tida 1277-1452 låg han under habsburgarane. I 1482 vart byen teken opp i Det sveitsiske eidsforbundet. Fribourg vart biskopssete i 1613, etter på 1500-talet å ha vore eit sentrum for motreformasjonen.
Fribourg er eit viktig økonomisk, administrativt og lærdomssenter i grenselandet mellom fransk og tysk kultur og samfunn i Sveits. Gamlebyen er ein av dei best bevarte i Sveits.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Fribourg» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2011.
Bakgrunnsstoff |
Offisiell side (fransk) (tysk)- Domkyrkja Saint Nicholas
- Villa St. Jean internasjonale skule
- Biletgalleri
Reiseguide for Fribourg frå Wikivoyage
|