Fusa kommune
Fusa kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Hordaland | |
Adm.senter | Eikelandsosen | |
Areal | 378 km² | |
- land | 355 km² | |
- vatn | 22 km² | |
Folketal | 3 920 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 11 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Atle Kvåle (Ap) | |
Kommunenr. | 1241 | |
Wikimedia Commons: Fusa | ||
Nettstad: www.fusa.kommune.no | ||
Fusa er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen grensar på land til Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og i sjø til Os.
Fusa kommune har ei rik soga. Fusa var i perioden frå 1837 til 1854 del av Ous herad saman med Samnanger og Os. Fusa vart skild frå Ous som eigen kommune og eige prestegjeld frå 1855. I 1903 vart Fusa igjen delt i tre kommunar etter kyrkjesoknegrensene. Fusa, Strandvik og Hålandsdal var eigne kommunar i tidsrommet frå 1903 til 1963. I 1964 vart dei tre kommunane samla att.
I 2003 vart Kongedømet Fusa utropt som eit kunstprosjekt med ei kroning av kunstnaren Morten Holmefjord som visekonge.
Dagens Fusa kommune har om lag 1 400 husstandar. Folketalet auka med 0,6 prosent i 2005.
Kommunesenteret er Eikelandsosen. Lokalavis er Os og Fusaposten.
Innhaldsliste
1 Næringsliv
2 Folketalsutvikling
3 Fotnotar
4 Bakgrunnsstoff
Næringsliv |
Leigland bygg er ein fjerde generasjons byggmeister. Leigland bygg AS har om lag 60 tilsette og driv blant anna med ferdighus, elementproduksjon, hovudenterpriser og andre byggmeister-, ingeniør- og arkitekturtenester.
Frank Mohn (Framo, produsent av pumper for offshore og shipping) er ein stor arbeidsgivar.
Eide Fjordbruk er ei tredje generasjons familiebedrift, som driv med matproduksjon av fisk. Eide-familien har tradisjonar frå 1600-talet innan matproduksjon.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling for noverande Fusa kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3921a | 4018a | 4420a | 4422a | 4201a | 3818 | 3836 | 3721 | 3735 | 3823 |
aTalet omfattar Bogstrand, som var ein del av gamle Fusa kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Os kommune. Dette omrpdet hadde då 28 innbyggjarar.
Fotnotar |
↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
↑ 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 3,03,1 Folkemengde i Hålandsdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
↑ 4,04,1 Folkemengde i Strandvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
↑ 5,05,15,25,35,45,55,6 Folkemengde i Fusa 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
- Fusa kommune
- Fusasoga
Fusavika og Fusa kyrkje
Holdhus kyrkje
Gjønavatnet
Kommunar i Hordaland | ||
---|---|---|
|
|