Rondane nasjonalpark
Rondane nasjonalpark | |
nasjonalpark | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Hedmark, Oppland |
Kommunar | Folldal, Stor-Elvdal, Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu |
Høgaste punkt | Rondeslottet |
- høgd | 2 178 moh |
Areal | 963 km² |
Oppretta | 21. desember 1962 |
- Utvida | 24. oktober 2003 |
Wikimedia Commons: Rondane | |
Rondane nasjonalpark er den eldste nasjonalparken i Noreg, oppretta 21. desember 1962 og utvida i 2003. Landskapet i parken er prega av Rondemassivet med tindar, tronge juv og djupe botnar.Berggrunnen er karrig, og lav og lyng dominerer vegetasjonen. Området har rike spor etter gammal fangstkultur.
Innhaldsliste
1 Plassering
2 Verneformål
3 Bruk av nasjonalparken
4 Fjelltoppar
5 Bakgrunnsstoff
Plassering |
Rondane nasjonalpark er knytt til fjellområdet Rondane aust for Gudbrandsdalen og omfattar areal i kommunane Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu i Oppland fylke og Folldal og Stor-Elvdal i Hedmark fylke.
Verneformål |
Formålet med vernevedtaket er mellom anna å ta vare på
- eit stort, samanhengande og i det vesentlege urørt fjellområde
- eit høgfjellsøkosystem med eigenarta og variert biologisk mangfald
- ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Rondane.
Bruk av nasjonalparken |
Verneforskrifta tillèt bruk av fjellområda til husdyrbeite og tradisjonelt friluftsliv.
Den norske turistforening driv fleire hytter innanfor eller i utkanten av parken, deriblant Rondvassbu, Bjørnhollia, Grimsdalshytta, Peer Gynt Hytta, Dørålseter og Eldåbu. Kjende turistmål er m.a. Mysusæter, Høvringen, Kvitskriuprestinn, Skranglehaugane, Smiubelgen, Rondeslottet, Verkildalsbotnen, Jutulhogget og Ulafallene.
Pilegrimsleia frå Oslo til Nidaros går gjennom parken.
Fjelltoppar |
Det er ti fjelltoppar i Rondane som ragar over 2 000 moh.:
Rondeslottet — 2 178 moh.
Storronden — 2 142 moh.
Høgronden — 2 115 moh.
Midtronden Vest — 2 060 moh.
Vinjeronden — 2 044 moh.
Midtronden Øst — 2 024 moh.
Sagtinden — 2 018 moh.
Storsmeden — 2 016 moh.
Digerronden — 2 016 moh.
Veslesmeden — 2 015 moh.
Bakgrunnsstoff |
- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Rondane nasjonalpark.
- PDF-kart
- DNT-turplanleggar
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rondane nasjonalpark
Nasjonalparkar i Noreg | |
---|---|
Blåfjella-Skjækerfjella · Breheimen · Børgefjell · Dovre · Dovrefjell-Sunndalsfjella · Femundsmarka · Folgefonna · Forollhogna · Fulufjellet · Færder · Gutulia · Hallingskarvet · Hardangervidda · Jomfruland · Jostedalsbreen · Jotunheimen · Junkerdal · Láhku · Langsua · Lierne · Lomsdal-Visten · Møysalen · Raet · Rago · Reinheimen · Reisa · Rohkunborri · Rondane · Saltfjellet-Svartisen · Seiland · Sjunkhatten · Skarvan og Roltdalen · Stabbursdalen · Varangerhalvøya · Ytre Hvaler · Øvre Anárjohka · Øvre Dividal · Øvre Pasvik · Ånderdalen | |
Svalbard | Forlandet · Indre Wijdefjorden · Nordenskiöld Land · Nordre Isfjorden · Nordvest-Spitsbergen · Sassen-Bünsow Land · Sør-Spitsbergen |
Dovrefjell | |
---|---|
Kommunar | Dovre · Folldal · Oppdal |
Stader og bygder | Dombås · Folldal · Hjerkinn · Oppdal |
Naturvern | Dovre nasjonalpark · Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark · Rondane nasjonalpark · Fokstumyra naturreservat · Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen landskapsvernområde · Fokstugu landskapsvernområde · Knutshø landskapsvernområde · Vesle Hjerkinn landskapsvernområde · Hjerkinnholen naturreservat · Veslehjerkinntjønnin naturreservat · Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde · Åmotsdalen landskapsvernområde · Flåman naturreservat · Nordre Snøfjelltjørn naturreservat · Jora landskapsvernområde |
Jernbane | Dovrebanen · Drivstua stasjon · Kongsvoll stasjon · Hjerkinn stasjon · Vålåsjø stasjon · Fokstua stasjon · Dovregubben |
Vegar | Gamle kongeveg · Vårstigen · E6 · Fylkesveg 29 |
Skysstasjonar | Drivstua Fjellstue · Kongsvoll Fjellstue · Hjerkinn Fjellstue · Fokstua Fjellstue |
Pilegrimsvandring | Pilegrimsleia over Dovrefjell · Eysteinkyrkja · Vesle Hjerkinn |
Fjell | Snøhetta · Svånåtindan · Knutshøa · Hjerkinnhøa · Kolla |
Fauna | Moskus · Fjellrev · Rein · Jerv · Trane · Mogop · Dovreløvetann · Norsk malurt · Dovrevalmue · Dovrestjerneblom · Knutshørapp |
Litteratur | Einige og tru til Dovre fell · Dovregubben · Ferdaminne |
|