Heartbreak Hotel














































«Heartbreak Hotel»
Singel av Elvis Presley


B-side
«I was the One»

Utgjeve
27. januar 1956

Innspelt
10. januar 1956

Sjanger

Rock and roll

Lengd
2:08

Selskap

RCA Records

Låtskrivar(ar)

Mae Boren Axton, Thomas Durden og Elvis Presley

Produsent

Steve Sholes

Elvis Presley-kronologi
«Baby Let's Play House»
(1955)

«Heartbreak Hotel»
«My Baby Left Me»
(1956)




«Heartbreak Hotel» er ein rock and roll-song gjort kjend av Elvis Presley. Songen vart spelt inn i Nashville i januar 1956 med Bill Black på bass, Scotty Moore på sologitar, D.J. Fontana på trommer og Floyd Cramer på piano. Dette var songen som gjorde Presley nasjonalt kjend i USA. Han vart gjeve ut som singel den 27. januar 1956 med «I Was The One» som B-side. «Heartbreak Hotel» vart den første singelen til Elvis som gjekk til topps på salslistene og ein av dei mestseljande singlane i 1956.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Andre versjonar


  • 3 Lister


    • 3.1 Elvis Presley


    • 3.2 Willie Nelson og Leon Russell




  • 4 Kjelder





Historie |


Dette var den første songen Elvis spelte for RCA Victor, og han valde sjølv ut songen. Han hadde tidlegare lovd medlåtskrivar Mae Boren Axton at han skulle spele songen inn. Produsent Steve Sholes var uroleg, men slo seg til ro med at Elvis visste kva han gjorde. 11. februar 1956 spelte Elvis songen på eit fjernsynsprogram, noko han gjorde fleire gonger i mars same året.


Songen er basert på ein 8-taktsblues og vart skrive av Thomas Durden, som då var steel-gitarist i Smiling Jack Herring and his Swing Billies,[2] og Mae Boren Axton, ei lærerinne i Jacksonville i Florida og mor til musikar og skodespelar Hoyt Axton. Elvis Presley fekk medlåtskrivarkredit for endringar han gjorde då han spelte inn songen.[3] I eit intervju har Durden sagt at han ikkje kjende songen igjen etter at Elvis hadde gjort endringar til songen i studio, som tempoendring, frasering, tekst og det totale lydbilete.


Steve Sholes spelte inn songen i ein korridor for å få det spesielle ekkoet som vert nytta i songen. Sholes prøvde å gjenskape denne stilen frå Elvis sine plater på Sun Records. Sam Phillips på Sun hadde nytta to bandopptakarar og ei liten tidforskyving på Elvis sine tidlege innspelingar, ein teknikk ikkje RCA kjende til.[4]


«Heartbreak Hotel» låg på førsteplass på Billboard si poplista i 8 veker, på countrylista i 17 veker og nådde 3. plass på R&B-lista. I 2006, meir enn 50 år etter han først vart gjeve ut, gjekk songen igjen inn på toppen av Billboard si salsliste då han vart gjeve ut på ny.


Songen er rangert på 45. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene.



Andre versjonar |


Mange artistar har spelt inn versjonar av songen eller spelt han på konsertar, som Paul McCartney, Merle Haggard, Van Halen, Jimi Hendrix, Guns N' Roses, Bruce Springsteen, Chet Atkins, George Harrison, The Doors, Led Zeppelin,
Willie Nelson og Leon Russell, Sha Na Na, Lynyrd Skynyrd, Roger Miller, Justin Timberlake, Tanya Tucker, Tom Jones, Roger McGuinn, Ann-Margret, Frijid Pink, Homer and Jethro, Conway Twitty, Delaney and Bonnie, Katie Melua og Pat Boone.



Lister |



Elvis Presley |


















År
Liste
Plassering

1956

Billboard Top 100


Cashbox pop singles chart


Country and Western


UK Singles Chart


Rhythm & Blues Records



1


1


1


2


5


1971

UK Singles Chart



10




Willie Nelson og Leon Russell |













År
Liste
Plassering
1979

Hot Country Songs



1




Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Heartbreak Hotel» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • Gray, Michael "Thomas Durden sin nekrkolog i The Guardian, 1999-10-28.






  1. Jim Dawson og Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Faber & Faber. s. 194-197. ISBN 0-571-12939-0.  Teksten « stad Boston & London» er ignorert (hjelp)


  2. Thomas Durden


  3. Elvis Presley: RCA Victor 6420


  4. Raymond, Susan (Director) (1987, Re-released 2000). Elvis '56 - In the Beginning (DVD). Warner Vision.











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva