Meitemakk og beitemakk (eller -mark) er leddmakkar som lever i jorda. Dei høyrer til familien Lumbricidae og det er over 6000 ulike artar. Meitemakkar grev seg gjennom jorda, noko som drenerer og lufter henne, og er viktig for jordkvaliteten.
Innhaldsliste
1Skildring
2Levevis
3Norske arter
4Kjelder
Skildring |
Meitemark pro, pre - munnen, hovudenden mg - hannlege kjønnsorgan cli - belte se - børsterekker sg - segment peri - haleenden
Meitemakkar har ikkje auge, men lysømfintlege celler (fotoreseptorar) i huda, særleg på fremre delen av kroppen. Han pustar med huda.
Levevis |
Meitemakken lever av organisk materiale, som råtnande planterester. Dei dreg med seg dødt lauv ned under bakken, og er dermed med på å tilføra jorda ekstra næringsstoff. Makkane grev og lager gangar som gjer at det kjem luft ned i jorda, noko som er nyttig for plantane som veks der. Meitemakkar trivst best i feit, fin matjord, men dei finst nesten overalt, også i ganske sandhaldig eller sur skogsjord.
Norske arter |
Det er 11 artar av meitemakk i Noreg. Den lengste kan bli 30 cm.
Stubbemeitemakk (Dendrobaena rubidus)
Mosemeitemakk (Dendrobaena octaedra)
Grøn meitemakk (Allolodophora clorotica)
Skogmeitemakk (Lumbricus rubellus)
Stor meitemakk (Lumbricus terrestis) - den største norske arten, kan bli omtrent 30 cm lang.
Blå meitemakk (Octolasion cyaneum)
Rose meitemakk (Aporrectodea rosea)
Lang meitemakk (Aporrectodea longa)
Grå meitemakk (Aporrectodea caliginosa)
Kompostmeitemakk (Eisenia foetida)
Bekkemeitemakk (Eiseniella tetraedra)
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Meitemarker» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2009.
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...