Dei tretten koloniane






Nordamerikanske koloniar 1763-76




I 1775 kravde britane styre over dei raude og rosa områda på dette kartet. Spania styrte det oransje. Det raude området var området som var ope for Dei tretten koloniane etter den kongelege kunngjeringa i 1763.


Dei tretten koloniane (engelsk The Thirteen Colonies) var ein del av det som vart kjend som Britisk Amerika, eit namn som vart nytta av Storbritannia fram til Paristraktaten anerkjende sjølvstendet til dei opphavlege tretten koloniane som USA i 1783. Desse britiske koloniane i Nord-Amerika gjorde opprør mot det britiske styret i 1775, i det som vert kalla den amerikanske revolusjonen i USA og den amerikanske sjølvstendekrigen i andre land. Ei mellombels regjering vart oppretta og denne erklærte sjølvstendet til landet den 4. juli 1776 (independence day, frigjeringsdagen). Dei tretten koloniane vart dei første tretten statane i USA. Koloniane vart grunnlagde mellom 1607 ((Virginia) og 1733 (Georgia), sjølv om Storbritannia hadde fleire andre koloniar i Nord-Amerika og Karibia som ikkje vart med i opprøret i 1775.


Dei tretten koloniane var opphavet til 18 av dagens statar. Dei opphavlege tretten statane var Delaware, Pennsylvania, New Jersey, Georgia, Connecticut, Massachusetts, Maryland, Sør-Carolina, New Hampshire, Virginia, New York, Nord-Carolina, Rhode Island), Vermont (som New Hampshire og New York hadde kjempa om og som var ein sjølvstendig republikk frå 1777 til 1791), Kentucky (som hadde vore ein del av Virginia fram til 1792), Tennessee (som hadde vore ein del av Nord-Carolina fram til 1790 og så det føderalt styrte Sørvest-territoriet fram til 1796), Maine (tidlegare ein del av Massachusetts fram til 1820) og Vest-Virginia (del av Virginia fram til 1863).


Mykje av dei nordamerikanske territoria utanfor Dei tretten koloniane var område som britane fekk til seg under sjuårskrigen. Den kongelege kunngjeringa i 1763 hindra derimot nybygging bortanfor kunngjeringslinja.



Koloniane |




Britiske koloniar i Nord-Amerika, kring 1750. 1: Newfoundland; 2: Nova Scotia; 3: Dei tretten koloniane; 4: Bermuda; 5: Bahamas; 6: Britisk Honduras; 7: Jamaica; 8: Dei britiske Leewardøyane og Barbados




Kart over noverande amerikanske statar som er direkte etterfølgjarar etter Dei tretten koloniane som erklærte sjølvstende frå Storbritannia i 1776. Indirekte etterfølgjarar (Maine, Vest-Virginia), District of Columbia og statane som vart slutta seg til etter den amerikanske sjølvstendekrigen) er ikkje med


Dei tretten koloniane vert vanlegvis lista opp i geografisk orden frå nord til sør:



Koloniar i New England 





  • Provinsen New Hampshire, seinare New Hampshire


  • Provinsen Massachusetts Bay, seinare Massachusetts og Maine


  • Kolonien Rhode Island og Providence-plantasjane, seinare Rhode Island og Providence-plantasjane


  • Kolonien Connecticut, seinare Connecticut



Midtre koloniar 





  • Provinsen New York, seinare New York og Vermont


  • Provinsen New Jersey, seinare New Jersey


  • Provinsen Pennsylvania, seinare Pennsylvania


  • Kolonien Delaware (før 1776, Dei nedre fylka i Delaware), seinare Delaware



Dei sørlege koloniane 

(etter kva tema det er snakk om kan Virginia og Maryland stundom grupperast som Chesapeake-koloniane)




  • Provinsen Maryland, seinare Maryland


  • Kolonien og herredømet Virginia, seinare Virginia, Kentucky og Vest-Virginia


  • Provinsen Nord-Carolina, seinare Nord-Carolina og Tennessee


  • Provinsen Sør-Carolina, seinare Sør-Carolina


  • Provinsen-Georgia, seinare Georgia



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Thirteen Colonies» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • Cooke, Jacob Ernest et al., ed. Encyclopedia of the North American Colonies. Scribner's, 1993. 3 vol; 2397 s.



  • Gipson, Lawrence. The British Empire Before the American Revolution (15 *volumes) (1936-1970), Pulitzer Prize; highly detailed discussion of every British colony in the New World

    • Greene, Evarts Boutelle et al., American Population before the Federal Census of 1790, 1993, ISBN 0-8063-1377-3

    • Greene, Evarts Boutelle. Provincial America, 1690-1740. 1905. online


    • Osgood, Herbert L. The American Colonies in the Seventeenth Century. 4 vol Columbia University Press, 1904-07. online

    • Vickers, Daniel, ed. A Companion to Colonial America. Blackwell, 2003. 576 s.













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva