Olav Orheim


























Olav Orheim
Fødd
1942
Bergen
Nasjonalitet Noreg
Yrke glasiolog
Institusjonar Universitetet i Bergen
Alma mater
Ohio State University
Universitetet i Bergen

Olav Orheim (fødd 22. februar 1942 i Bergen) er ein norsk klimaforskar, glasiolog og polarekspert.


Orheim er Cand.real. frå Universitetet i Bergen i 1968 og tok Ph.D.-grad ved The Ohio State University i USA i 1972. Han vart patentførar for Den Norske Turistforeining som 18-åring.


Orheim var forskar og leiar av Antarktisavdelinga ved Norsk Polarinstitutt frå 1972–93, og direktør same stad frå 1993 til 2005. Frå 1989 til 2005 var han professor II, Universitetet i Bergen. Han har i perioden publisert om lag 80 vitskaplege artiklar. Orheim var pådrivar for at den norske forskingsstasjonen Troll vart bygd i Dronning Maud Land i Antarktis 1989–90 og sidan oppgradert til heilårs forskingsstasjon 2003. Orheim har vore aktiv som fag- og forskingsformidlar; mellom anna i kraft av å vere styreleiar ved Frammuseet, Polaria og i Tilsynskomiteen for Roald Amundsens Hjem. I tillegg var han heilt sentral i etableringa og utviklinga av Bremuseet i Fjærland. Han har fleire sentrale verv nasjonalt og internasjonalt. Orheim har vore i Arktis og Antarktis 30 sesongar, 10 gonger som leiar for norske og internasjonale ekspedisjonar. Han leia ekspertutvalet for Nordområda (Orheimutvalet), nedsett av regjeringa i 2003. Utvalet leverte NOU 2003:32 Mot Nord! same år. Orheim leia den norske komiteen for Det internasjonale polaråret 2007–2008. I 2005 vart han seniorrådgjevar i Norges forskingsråd.


I 1981 mottok Orheim Framkomiteen sin Nansen-pris for innsatsen for polarforsking. I 2007 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.[1]


Orheim gav i 2009 ut boka Norske isbreer saman med fotograf Pål Hermansen.



Kjelder |



  • Nils Paulsen: «Olav Orheim» i Norsk Biografisk Leksikon


Referansar |




  1. «St. Olavs Orden til Olav Orheim». Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 19. juli 2007. Henta 23. februar 2012. 



Bakgrunnsstoff |



  • Publikasjonar av Olav Orheim i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva