Knut Bergsland


























Knut Bergsland
Fødd
7. mars 1914
Oslo
Død
9. juli 1998
Nasjonalitet Noreg
Yrke
språkforskar, Eskimologist
Institusjonar Universitetet i Oslo

Knut Bergsland (7. mars 1914–9. juli 1998) var ein norsk språkforskar og var professor i fennougristikk ved Universitetet i Oslo frå 1947 til rundt 1980. Han debuterte som språkforskar med den historisk orienterte artikkelen, L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun? i 1945. Avhandlinga hans, Røroslappisk grammatikk (1946), ein studie i glossematikk med sørsamisk som eksempelspråk, er framleis referansegrammatikken over sørsamisk. Bergsland sjølv deltok heller ikkje i den strukturalistiske debatten etter at han hadde publisert grammatikken sin. Mangelen på interesse for arbeidet hans frå andre teoretiske lingvistar og mangelen på interesse for strukturalismen frå dei finskugriske kollegaene hans kan vere grunnen til at han gjekk attende til det junggrammatiske paradigmet.


Etter revolusjonen i 1917 var Sovjetunionen i praksis avstengt for vestlege språkforskarar, noko som gjorde det vanskeleg å drive samanliknande uralsk språkforsking. Bergsland vende merksemda vestover og skreiv viktige arbeid innanfor eskimologi, m.a. ein historisk grammatikk over grønlandsk, og grammatikk, ordbok og tekstsamling for aleutisk.


Av praktisk språkarbeid kan ein nemne at Bergsland står bak den felles norsk-svenske rettskrivinga for nordsamisk frå 1948, Bergsland-Ruong-rettskrivinga, i lag med Israel Ruong, og med rettskrivinga for sørsamisk, Bergsland-Bull-rettskrivinga, i lag med Ella Holm Bull. Bergland vart flittig brukt som sakkyndig i ulike tvister mellom samar og nordmenn i etterkrigstida, særleg i ein mangeårig konflikt mellom bønder og samar i Trøndelag, der norske historikarar og språkforskarar (særleg Jørn Sandnes og Ola Stemshaug) meinte at nordmennene «kom først», og at sørsamane dukka opp i Trøndelag først på 1700-talet (den perioden då dei dukka opp i kyrkjebøkene). I desse rettssakene viste Bergsland at det av språkhistoriske grunnar umogleg kunne stemme — sørsamisk har skild seg frå dei andre sørsamiske språka på eit langt tidlegare tidspunkt. Eit anna viktig vitneprov kom frå Inger Zachrisson, ein svensk arkeolog som kunne påvise samiske steinaldergraver langt sør i Sverige.



Viktige arbeid |




  • Bergsland, Knut (1946). Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Oslo : Aschehoug: Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. 


  • Bergsland, Knut (1982). Sydsamisk grammatikk. Tromsø: Universitetsforlaget. 

  • Knut Bergsland & Lajla Mattsson-Magga: Åarjelsaemien-daaron bakoegärja Sydsamisk-norsk ordbok. Iđut 1993.



Bakgrunnsstoff |



  • Digitalt tilgjengeleg innhald hos Nasjonalbiblioteket: bøker av Knut Bergsland, bøker om Knut Bergsland


  • Knut Bergsland i Norsk biografisk leksikon





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva