Gardssundfjorden




Gardssundfjorden er ein fjord i Finnøy og Hjelmeland kommune i Rogaland mellom øyane Ombo i nord og Randøy i sør. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km frå Finnøyfjorden i vest til Hjelmelandsfjorden i aust, men høyrer til same fjordsystem som går vidare austover Jøsenfjorden. Den totale lengda frå innløpet i vest til botn av Jøsenfjorden er 32 km.


Det vestlege innløpet ligg mellom Halsne på Halsnøy i sør og Eidsneset på Ombo i nord, medan fjorden endar i aust mellom Øyeneset på Randøy og Skibaviga på Ombo.







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal