Fisterfjorden




Fisterfjorden er ein fjordarm av Boknafjorden i Ryfylke mellom Finnøy og Hjelmeland kommune. Fisterfjorden er ei fortsetjing av Fognafjorden, som ligg lenger sørvest, og har innløp nord for der Årdalsfjorden skjer austover frå Fognafjorden. Innløpet ligg mellom Helgøy i Hjelmeland og Buøyna i Finnøy, sør for Byre.


Det meste av fjorden ligg i Hjelmeland kommune og strekkjer seg 11 km nordaustover mellom Fister i sør og Randøy i nord. Tettstaden Fister, som har gjeve namn til fjorden, ligg om lag halvvegs inn i fjorden i enden av Fistervågen. På sørsida av Randøy ligg Kvaløyna, Ospholmen og Prestholmen. Den nordlege enden av Fisterfjorden endar ved Ølesundet. Over Ølsundet går det ei bru langs fylkesveg 650 over til Randøy. På nordsida av Ølsundet ligg Hjelmelandsfjorden og nord for Randøy går Gardssundsfjorden.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva