Thunder Bay






Thunder Bay, med hamna i bakgrunnen


Thunder Bay er ein by i provinsen Ontario i Canada. Han ligg der elva Kaministiquia renn ut i Øvresjøen, nordvest i innsjøen. City of Thunder Bay har 109 140[1] innbyggarar (2006), og eit areal på 328,48[1] km².


Skogs- og transportindustri dominerer næringslivet i byen.


Staden har innlandsklima, trass i påverknad frå den veldige Øvresjøen som gjer at somrane er noko kaldare og vintrane noko varmare enn breiddegraden tilseier.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 By og storbyområde


  • 3 Idrett


  • 4 Notar





Historie |


Dei første europearane var franske pelsjegerar som kom til området på 1600-talet. Her grunnla dei nokre handelsstasjonar ved staden dei kalla Baie de Tonnere. Gjennom fredsavtalen etter sjuårskrigen, inngått år 1763, fekk Storbritannia råderett over heile området, til liks med heile Ny-Frankrike. Britane bygde i år 1798 ei festning ved namn Fort William, som med tida voks til ein liten by. På 1800- og 1900-talet busette mange immigrantar seg i området, som i mange andre stader i Canada.



By og storbyområde |




Bydelane i Thunder Bay


Dagens by vart danna 1. januar 1970 då grannebyane Fort William og Port Arthur vart slegne saman, og i lag med dei nærliggande landsbyane McIntyre og Neebing vart til Thunder Bay. Sjølve tettstaden har 103 247[2] innbyggarar (2006) på eit areal på 179,71[2] km².


Storbyområdet Thunder Bay Census Metropolitan Area, har 122 907[3] innbyggarar (2006) på eit areal på 2 550,4[3] km². Området består av byen Thunder Bay, kommunane Conmee, Gillies, Neebing, O'Connor, Oliver Paipoonge og Shuniah, og indianarreservatet Fort William 52.



Idrett |


Verdsmeisterskapen på ski i nordisk greiner for 1995 vart arrangert i Thunder Bay. Fred Børre Lundberg, Tommy Ingebrigtsen, Sture Sivertsen, Erling Jevne, Bjørn Dæhlie og Thomas Alsgaard var dei norske utøvarane som vann VM-gull.



Notar |





  1. ↑ 1,01,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for provinsar, territorium og kommunar ved folketeljinga den 16. mai 2006


  2. ↑ 2,02,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for dei urbaniserte områda ved folketeljinga den 16. mai 2006


  3. ↑ 3,03,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for storbyområda ved folketeljinga den 16. mai 2006




  • Denne artikkelen bygger på «Thunder Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2011.





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Riksmekleren