Odd Bakkerud




















Odd Bakkerud

Fødd
1931
Død

1989


Yrke
spelemann

Odd Bakkerud (1931–1989) var ein spelemann frå Nesbyen i nedre Hallingdal.


Odd vart fødd på garden Bakkerud i Rukkedalen ova Nesbyen, og lærde først av mora Kari Bakkerud, som var svært musikalsk. Han kalla seinare opp ein slått etter henne (ein variant av «Treskreppa»). Han fekk og grunnopplæring i hardingfelespel hjå morbroren Knut Bakkerud, og med tida frå spelemannen Jørgen Husemoen (ein tremenning), som sytte for at han fekk seg ei brukbar fele. Seinare reiste han til Hovet i Hol, der han gjekk i lære hjå Kristian Øvrevollseie, og vart prega av spelestilen hans. I unge år gjekk han for å vera svært lik Kristian i spelet.


Etter desse læreåra reiste Bakkerud til Krødsherad der han gjekk i lære hjå spelemannen Truls Ørpen. Ørpen totte ikkje vidare om spelestilen i øvre Hallingdal, men Bakkerud fekk mange slåttar som hadde vandra til Krødsherad frå Hallingdal.


I 1954 kom Odd Bakkerud til Oslo, og vart med i folkemusikkarbeidet der. Han vart kjend med Kjetil Løndal og andre spelemenn, og tok til å legge om spelestilen sin etter eit meir reinskore konsertideal. Han var og i lag med Valdres-spelemennene Ola Bøe og Torleiv Bolstad. Med tida vart han, Bolstad og Kjetil Løndal dei førande konsertspelemennene i folkemusikkmiljøet.


Bakkerud vann Landskappleiken ein rekkje gonger, i 1955, 1960, 1964, 1965, 1967 og 1968. Det var her, Landskappleiken på Lillehammer, at han slo til med den kjende storforma av Fanitullen han sjølv hadde bygd ut, og som sidan har vore nytta. I kappleikssamanhang var Bakkerud ein perfeksjonist, som øvde målretta før han skulle frampå.


Bakkerud hadde glansperioden sin som spelemann i 1960-åra. Etter 1970 vart han noko stivare, men var no å rekne som ei god kjelde, og underviste yngre spelemenn. Han flytte attende til Hallingdal i 1975. Her vart han ei drivande kraft i folkemusikkmiljøet i Nes. Mellom elevane hans kan ein nemne spelemannen Øyvind Brabant.


Frå 1980 vart Bakkerud statsstipendiat.


Elles handla Bakkerud med feler, og var god venn med spelemannen Knut K. Steintjønndalen frå Bø. Han døydde heime i Rukkedalen i 1989, og hadde då rukke å setja sterkt preg på hardingfeletradisjonen i Hallingdal.



Slåttar skrivne ned etter Odd Bakkerud |


Hardingfeleverket har trykt opp 19 slåttar som er skrivne ned etter Bakkerud. Dei fleste er skrivne ned av Truls Ørpen, ein er skriven ned av Eivind Groven, og eit par er gjort av Sven Nyhus.


Gangarar:


  • nr 71a: Røyskatten (6/8). Nedskrift Truls Ørpen 1952. Slåtten er etter Tor Grimsgard. Han er elles kalla Spretten i Hallingdal. Variant b er etter Herbrand Hagen frå Nore. Slåtten skriv seg truleg frå Krødsherad.

  • nr 149d: Skorin (2/4. Nedskrift Truls Ørpen 1953 (Ø 352). Bakkerud lærte slåtten av Kristian Øvrevollseie, Hol. Øvrevollseie hadde slåtten frå Herleik Kvanneberg, som hadde han frå Knut Skøro.

  • nr 153h: Halling etter Tor Grimsgard (2/4). Nedskrift Truls Ørpen (Ø 454). Variant av Kongsbergfenta. Mest truleg lært av Knut Bakkerud eller Jørgen Husemoen.

Springarar:


  • nr 207: Ulrik Jensestogun. Nedskrift Truls Ørpen 1954 (Ø 353). Bakkerud fekk slåtten frå Olav Sataslåtten, Torpo. Slåtten er og skriven ned etter Sevat Sataøen, som hadde slåtten frå Ola Dekko (springar etter Bråta-Per).

  • nr 208: Gamal Nesningsspringar. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 544). Bakkerud hadde slåtten frå morbroren Knut Bakkerud. Slåtten er ofte kalla Vårdagen.

  • nr 356: Springar frå Hallingdal. Nedskrift Truls Ørpen 1953 (Ø 355). Nedstilt bass. Slåtten er etter Tor Grimsgard.

  • nr 408b: Gamal springar frå Hallingdal. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 516). Variant a er etter Sevat Sataøen. Bakkerud hadde truleg slåtten etter Knut Bakkerud. Slåtten er ofte kalla Baggen eller Vass-såren.

  • nr 420c: Springar frå Nes. Nedskrift Eivind Groven 1958 (G 1108). Slåtten er og kalla Visebrøtin eller Kåte-Reiar. Variant a er etter Johan Kleven, og variant b er etter Nils Brakvatn frå Nordhordland.

  • nr 501b: Klev-springar/Tannlausen. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Bakkerud lærde første del av spelemannen Kristen Eidal, resten av slåtten fekk han frå Knut Bakkerud, begge Nes.

  • nr 504c: Skinntrøya. Nedskrift Truls Ørpen 1949. Slåtten er etter Kristen Eidal, Nes.

  • nr 507g: Springar etter Kari Bakkerud. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Bakkerud hadde slåtten etter mora, Kari Bakkerud, som spela hardingfele i unge år. Variant av Treskreppa. Stundom kalla Kari Bakkerud.

  • nr 511f: Markensslåtten. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten er etter Jørgen Husemoen frå Nes, som hadde han frå Tor Grimsgard. Grimsgard hadde slåtten frå Lars Fykerud. Dei møttest på Kongsbergmarken. Slåtten er kalla Tusen-Tore eller Ravnåsen i Numedal.

  • nr 515c; Tjednbarden. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Slåtten er etter Knut Bakkerud og Kristen Eidal. Slåtten er kjend i Numedal, Hallingdal og Valdres.

  • nr 519d: Springar etter Tor Grimsgard. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Bakkerud lærte slåtten av morbroren Knut Bakkerud. Variant av Veksaren.

  • nr 524g: Moguten. Nedskrift Truls Ørpen 1949 (Ø 405). Etter Knut Bakkerud.

  • nr 527c: Storeslåtten. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 540). Etter Jørgen Husemoen, som hadde slåtten frå Tor Grimsgard. Variant av springaren Asle Myro.

  • nr 527d: Storevelten. Nedskrift Truls Ørpen 1949 (Ø 409). Etter Knut Bakkerud, som hadde slåtten frå Tor Grimsgard.

  • nr 527e: Springar frå Nes. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Etter Knut Bakkerud.

  • nr 528a: Toinglått. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Slåtten er etter Jørgen Husemoen.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva