Ladogakanalen






Slusa ved Sjlisselburg




Kart over kanalen frå 1742




Gamle Ladogakanal i dag





Tømmerflåtar på Peter Kanalen til i. Bilete frå tidleg 1900-tal av Sergej Prokudin-Gorskij.




Nye Ladogakanal overgrodd av takrøyr (Phragmites australis).


Ladogakanalen (russisk Лaдожский канал – Ladozjskij kanal) er ein historisk vassveg langs sørbreidda av innsjøen Ladoga i Leningrad oblast i Russland. Kanalen knyter saman elvene Neva og Svir, og vart bygd for å unngå den farlege og stormfulle ruta over Ladoga. Kanalen er 117 km lang, og består av to skilde kanalar: Gamle Ladogakanal (bygd 1719-1810, tidlegare kjent som Peter I's kanal) og Nye Ladogakanal (bygd 1866-1883), som går parallelt med den gamle, frå Sviritsa ved Svir via Novaja Ladoga ved Volkhov til Sjlisselburg ved Neva. Kanalane er i dag i stor grad gjengrodde.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kjelder


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Ladogakanalen var ein av dei første store kanalane som vart bygd i Russland. Han var eit av Peter den stores prosjekt, og det var han som beordra bygginga av kanalen i 1718. Rask økonomisk utvikling i Russland kravde ei betydeleg utviding av transportrutene i landet, spesielt vassvegar. Ein del av Vysjnij Volotsjok-vassvegen (1709) som knytte elva Volga til Austersjøen gjekk over innsjøen Ladoga. Ladoga-delen av vassvegen var ein av dei vanskelegaste og farlegaste, sidan innsjøen er utsett for vind og stormar som gjennom åra hadde øydelagt hundrevis av fraktebåtar[1]


Peter den store avgjorde at for å unngå farten over den store og stormfulle innsjøen skulle det byggjast ein kanal forbi han. Byggearbeida starta i 1719. Aleksandr Mensjikov gav ansvaret for prosjektet til venen sin, general Skornjakov-Pisarev, men han måtte til slutt trekkja seg på grunn av tiltaler om inkompetanse, aktløyse og sommel. Hausten 1723 inspiserte tsaren personleg byggeplassen, og han var særs misnøgd med framdrifta i arbeidet, og gav ordre om å arrestera Skornjakov-Pisarev. Oppgåva med å fullføra kanalen vart gjeve til Burkhard Christoph von Münnich, som i stor utstrekking brukte soldatar som arbeidskraft.


Ein 29 kilometer lang seksjon mellom elva Volkhov og landsbyen Tsjornoje vart fullført og opna for trafikk i 1726. Dette sette òg fart i det vidare byggearbeidet, då den ferdige seksjonen vart brukt til å levera forsyningar til byggeplassen. Slusar vart bygd ved Sjlisselburg og Novaja Ladoga for å halda ved like naudsynt djupn i kanalen. Bygginga av kanalen vart fullført i 1730, og våren 1731 kunne dei første båtane segla langs kanalen mellom elvene Volkhov og Neva (den eigenlege Ladogakanalen).[1][2]


Det viste seg likevel at kanalen hadde ei djupn på mindre enn ein meter, betydeleg mindre enn Peter I hadde sett for seg. Dette var eit stort vonbrot for regjeringa. Sjølv om kanalen var eit av dei største vatn/vassbyggingsanlegga i 1700-talet sitt Europa, så var han likevel for grunn til å kunna oppretthalda trafikk av tyding. Katarina den store vedtok å utvida kanalen ved å byggja ein ny seksjon mellom elvene Volkhov og Sias. Dette prosjektet (òg kalla Sias-kanalen) vart gjennomført mellom 1765 og 1802. Den tredje delen av Ladogakanalen, som knytte saman elvene Sias og Svir (og kalla Svir-kanalen), vart bygd mellom 1802 og 1810.[1]


I løpet av 1800-talet vart Ladogakanalen brukt av rundt 15 000 fartøy og 10 000 flåtar med kurs for St. Petersburg kvart år. Men kanalen vart etterkvart så gjenfylt med silt og slam at Aleksander II's regjering kom fram til at det var meir praktisk å byggja ein ny kanal i staden for å reparera dei gamle anlegga. Nye Ladogakanal vart bygd mellom den gamle kanalen og Ladoga frå 1866 til 1883.[1]


Etterkvart som Russlands jarnbaner vart utbygget vart kanalen mindre viktig. I tillegg medførte utbygginga av Volga-Østersjøkanalen at båtane vart større og betre i stand til å handtera tilhøva på Ladoga. Dermed vart Ladogakanalene neglisjert og byrja å forfalla. Gamle Ladogakanal var grodd att og hadde falle ut av bruk i 1940. Nye Ladogakanal vert framleis brukt av mindre båtar.



Kjelder |



Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


  • Denne artikkelen bygger på «Ladogakanalen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2016.



Referansar |




  1. 1,01,11,21,3 Nezjikhovskij Р. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «nezjikhovskij» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «nezjikhovskij» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «nezjikhovskij» er definert fleire gonger med ulikt innhald


  2. Jones, Robert E. (1984).



Bakgrunnsstoff |


  • Ladoga og Sjlisselburgs historie



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva