Holsnøy
Holsnøy | |
---|---|
Storavatnet på Holsnøy Foto: | |
Geografi | |
Stad | Nordhordland |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 88,8 km²
|
Høgaste punkt | Eldsfjellet (324 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Hordaland |
Største busetnad | Frekhaug (2 848 innb.)
|
Holsnøy (eller Holsnøyni) er ei øy i Meland kommune i Hordaland. Ho har eit areal på 88,8 km². Øya er den største i kommunen og har brusamband til Flatøy og Lindåshalvøya.
Det høgaste punktet på øya er Eldsfjellet på 324 moh. Frekhaug er den største busetnaden på øya, heilt sør på øya. Øya grensar til Herdlefjorden på sørvestsida og til Radfjorden og Mangerfjorden på nordaustsida. I sør ligg Salhusfjorden. Nord for Holsnøy ligg Radøy.
Denne Hordalandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|