Castelvetrano






Bybilete i Castelvetrano


Castelvetrano er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 31 000 ibuarar og eit areal på 206,4 km². Byen ligg 187 meter over havet, om lag 70 kilometer sør for provinshovudstaden Trapani.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Næringsliv


  • 3 Folk frå Castelvetrano


  • 4 Kjelder





Historie |





Hera-templet frå den tidlegare busetnaden Selinunt. Søylene har vore gjenreiste i nyare tid.


Selinunt var ein gresk busetnad i området i antikken. Ruinbyen Selinunt er eit minne frå den greske tida i kommunen.


Media skreiv i 2018 at «byen [er] nylig satt under administrasjon av Roma etter avsløringer om korrupsjon, enorme skatteunndragelser og mafia-infiltrasjon i kommuneledelsen. 65 prosent av befolkningen betaler ikke skatt».[1]



Næringsliv |


Landbruk og næringsmiddelindustri er hovudnæringar i Castelvetrano, begge basert på dyrking og tilvirking av oliven og vin. Turisme er ei anna hovudnæring.



Folk frå Castelvetrano |


Folk frå Castelvetrano vert kalla Castelvetranesi.


Den leiande fascist-ideologen Giovanni Gentile var frå Castelvetrano.



Kjelder |





  1. Yngve Kvistad (28.02.2018). «Valget: Frykter mafiaens dødskyss». VG. 




  • Denne artikkelen bygger på «Castelvetrano» frå Wikipedia på tysk, den 2. november 2013.





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Steinsetfjorden