Helgeland Kraft
Helgeland Kraft er ein produsent og leverandør av elektrisitet med hovudkontor i Mosjøen og avdelingskontor i Brønnøysund, Sandnessjøen og Mo i Rana.
Innhaldsliste
1 Historikk
2 Kraftverk
3 Eigarskap
4 Bakgrunnsstoff
Historikk |
Aksjeselskapet Helgeland Kraft er ei vidareføring av det kommunalt eigde Helgeland kraftlag som vart etablert i 1964 ved ei samanslåing av Sør-Helgeland kraftlag og Midt-Helgeland kraftlag. Av desse var Sør-Helgeland kraftlag det eldste, som gjorde den første utbygginga i Rørøyfossen på Vega i 1914.
Kraftverk |
Helgeland Kraft eig 8 kraftverk (alle tal middels årsproduksjon):
Sjona kraftverk, 224 GWh
Grytåga kraftverk, 240 GWh
Fagervollan kraftverk, 56 GWh
Kaldåga kraftverk, 62 GWh
Forsland kraftverk, 28 GWh
Langfjord kraftverk, 33 GWh
Ildgrubfossen kraftverk, 28 GWh
Andåsfossen kraftverk, 6,5 GWh
I tillegg har selskapet driftsansvar for Kolsvik kraftverk på 504 GWh, som det eig 50 % i.
Eigarskap |
Det er kommunar på Helgeland som eig aksjane i Helgeland Kraft. Aksjonærane er kommunane
Alstahaug (10,1 %),
Brønnøy (9,6 %),
Dønna (4,4 %),
Grane (2,5 %),
Hattfjelldal (2,5 %),
Hemnes (7,0 %),
Herøy (3,8 %),
Leirfjord (3,2 %),
Nesna (4,6 %),
Rana (26,8 %),
Sømna (3,2 %),
Vefsn (18,3 %),
Vega (2,8 %) og
Vevelstad (1,2 %).
Helgeland Kraft har direkte eller indirekte eigarskap i følgjande selskap:
Mo Fjernvarme - leverer vassboren varme i Mo i Rana
Helgeland Vekst AS - regionalt investeringsselskap
Storuman Energi AB - svensk kraftsalselskap
Naturgass Helgeland AS - distribusjonsselskap for naturgass
Enviro Energi - salselskap for grøn energi
Elinor - innkjøpssamarbeidsselskap
Norsec - energirådgjevingselskap
Bakgrunnsstoff |
- Helgelandskrafts nettside