Carole King
Carole King | |
Fødd | 9. februar 1942 Brooklyn |
Instrument | piano |
Sjanger | pop, soul |
Yrke | singer-songwriter, musikar, skodespelar, songar, komponist, pianist, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar |
Carole King, eigenleg Carol Klein, (fødd 9. februar 1942) er ein USA-amerikansk låtskrivar og musikkartist frå Brooklyn i New York. På eigne utgjevingar syng ho og spelar piano. Under konsertar spelar ho også gitar.
King skreiv frå 1958 låtar for grupper som The Drifters og The Shirelles. Ein periode spelte ho inn demosonger med Paul Simon under namnet «The Cousines». Saman med sin dåverande ektemann, Gerry Goffin, skreiv ho gjennom 1960-årar mange låtar som nådde eit stort publikum, mellom anna «Will You Love Me Tomorrow», «The Loco-Motion», «Up on the Roof», «I'm into Something Good», «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» og sin eigen første hitt, «It Might as Well Rain Until September». Kjende grupper som The Beatles, The Animals, Blood, Sweat and Tears, The Byrds og The Everly Brothers har spela inn låtar laga av paret King/Goffin.
I 1970 gav King sjølv ut sitt første album kalla Writer. Året etter, 1971, kom LP-en Tapestry som i 15 veker låg på førsteplassen på den amerikanske spelelista. Albumet er ein av storseljarane i musikkhistoria. Mellom 1970 og 2001 har King gitt 17 studioalbum og fire livealbum.
Innhaldsliste
1 Diskografi
1.1 Album
1.2 Singler
2 Kjelder
Diskografi |
Album |
- 1970: Writer – US #84 (1971)
- 1971: Tapestry – US #1 / UK #4
- 1971: Music – US #1 / UK #18
- 1972: Rhymes and Reasons – US #2 / UK #40
- 1973: Fantasy (Carole King album)|Fantasy – US #6
- 1974: Wrap Around Joy – US #1
- 1975: Really Rosie – US #20
- 1976: Thoroughbred – US #3
- 1977: Simple Things – US #17
- 1978: Welcome Home – US #104
- 1979: Touch the Sky – US #104
- 1980: Pearls: Songs of Goffin and King – US #44
- 1982: One to One (album)|One to One – US #119
- 1983: Speeding Time
- 1989: City Streets – US #111
- 1993: Color of Your Dreams
- 1994: In Concert – US #160
- 1994: Time Gone By
- 1996: Carnegie Hall Concert: June 18, 1971
- 1997: Time Heals All Wounds
- 1998: Goin' Back
- 2000: Super Hits
- 2001: Love Makes the World
- 2005: The Living Room Tour
Singler |
- «It Might As Well Rain Until September», 1962, US #22 / UK #3 (gikk inn på nytt på listene i UK som #43 i 1972)
- «He's a Bad Boy», 1963, US #94
- «It's Too Late» / «I Feel the Earth Move», 1971, US #1 (AC #1), Gold / UK #6
- «So Far Away» / «Smackwater Jack», 1971, US #14 (AC #3)
- «Sweet Seasons», 1972, US #9 (AC #2)
- «Been to Canaan», 1972, US #24 (AC #1)
- «Believe In Humanity», 1973, US #28
- «You Light Up My Life», 1973, US #67 (AC #6)
- «Corazon», 1973, US #37 (AC #5)
- «Jazzman», 1974, US #2 (AC #4)
- «Nightingale», 1975, US #10 (AC #1)
- «Only Love Is Real», 1976, US #28 (AC #1)
- «High Out of Time», 1976, US #76 (AC #40)
- «Hard Rock Cafe», 1977, US #30 (AC #8)
- «Simple Things», 1977, US AC #37
- «Morning Sun», 1978, US AC #43
- «One Fine Day», 1980, US #12 (AC #11)
- «One to One», 1982, US #45 (AC #20)
- «City Streets», 1989, US AC #14
- «Now and Forever», 1992, US AC #18
- «Love Makes the World», 2001
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Carole King» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2012.
|