Alfiós
Alfiós Αλφειός | |
elv | |
Alfeios i nærleiken av Olympia | |
Land | Hellas |
---|---|
Lengd | 110 km |
Kjelde | Megalópoli i Arkadía |
Munning | Det joniske havet |
Kart over Alfeios i Hellas. | |
Wikimedia Commons: Alpheios | |
Alfiós (gresk skrift Αλφειός), òg kalla Alpheus, Alpheios, Alfeiós, er ei elv på Peloponnes i Hellas. Ho har sitt utspring i Megalópoli i periferieininga Arkadía. Elva renn forbi Olympia og munnar ut i Det joniske havet i Ilía nær Pýrgos. Elva renn gjennom periferieiningane Arkadía og Ilía og er den lengste elva på Peloponnes med ei lengd på 110 km.
Elva har kjelde nær Voúrvoura sentralt i Arkadía, og renn så mellom Leondári og Megalópoli i ein skogkledd dal. Ho renn sør for Karýtena, nord for Andrítsena og i om lag 15-20 km dannar ho prefekturgresna mellom Ilía og Arkadía. Ho renn seinare framom Olympia og gjennom Ilía resten av lengda hennar før ho munnar ut i Det joniske havet.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Alfeios River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2007.
Bakgrunnsstoff |
- Alfiós på acradia.ceid.upatras.gr
- Alfiós på miagric.gr
- arcadians.gr