Kawhia Harbour
Kāwhia | |
tettstad | |
Land | New Zealand |
---|---|
Folketal | 650 |
Wikimedia Commons: Kāwhia Harbour | |
Kawhia Harbour er ei av tre store naturlege hamner på Tasmankysten i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ho ligg sør for Raglan Harbour, Ruapuke og Aotea Harbour, 40 kilometer sørvest for Hamilton.
Busetnaden Kawhia, med knappe 650 innbyggjarar, ligg på nordkysten av innløpet, og var ei viktig hamn tidleg i kolonitida på New Zealand.
Hamnedistriktet var fødestaden til den framståande maori-krigshøvdingen Te Rauparaha, og er kjend i maorioverleveringar som den endelege kvilestaden til wakakanoen «Tainui».
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Kawhia Harbour» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2008.
Bakgrunnsstoff |
Nettstaden til Kawhia Harbour
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Koordinatar:
|