Ferapontovklosteret






Ferapontovklosteret




Freske av Dinoisij som syner helgen Nikolas




Haustkveld i Ferapontovo i 2014


Ferapontovklostret (russisk: Ферапонтов монастырь) er eit klostermuseum i Vologda oblast i Russland. Museet vert halde som eit av dei vakraste døma på russisk mellomalderarkitektur. Klosteret har sidan 2000 stått på UNESCO si verdsarvsliste.



Soge |


Klostret vart grunnlagt av Sankt Ferapont i 1398 i det nordlege Russland, aust for Kirillo-Belozerskyklosteret. Den eldste bygninga, Jomfu Maria-katedralen, vart bygt i teglstein av dei såkalla Rostovmeisterane i 1490. Alle interiørveggane er dekte med storarta freskomåleri, laga av målaren Dionisij.


På 1530-talet vart reist både eit skattkammer, eit refektorium og ei unik Maria bodskaps-kyrkje krona med eit klokketårn. Ved den tid hadde klostret særskilde privilegiar tildelt av tsar Ivan den skrekkelege, mellom anna rådde det over omkring 60 kringliggjande bygder. Tsaren sjølv besøkte ofte klosteret som pilgrim.


Under Den store urotida vart klostret plyndra og øydelagt av polske styrkar. Ved gjenoppbygginga vart dei siste bygningane reist; den teltlike Heilag-Martinian kyrkja (1641), ei forsvarskyrkje (1650) og ein klokkestøpul (1680). Klokkeårnet frå 1638 skal vere det eldste i Russland.


Då klosteret gradvis mista si rolle som religiøst senter, vart det ein plass for framståande forviste prestar, så som patriarken Nikon. Klosteret vart lagt ned i 1798 av tsar Paul I av Russland. I 1904 vart det på nytt eit konvent, men 20 år seinare vart det stengt av bolsjevik-styret. Frå 1975 har Ferapontovklosteret vore eit museum.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Ferapontovklosteret» frå Wikipedia på svensk, den 8. juli 2015.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva